Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Radiologisk avdeling, KiH held til i 2. etasje på Kysthospitalet i Hagevik. Vi samarbeider tett med avdelingane her. Primært utfører vi røntgen- og CT-undersøkingar for sjukehuset, men tek også imot tilviste pasientar, hovudsakleg frå Os og omegn.

undersøking. mann og pasient.foto
 
Les meir om Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Skal du til poliklinisk konsultasjon vil ortoped på poliklinikken rekvirere dei bileta du treng. Er du tilvist frå fastlege eller andre vil me ta dei bileta som er rekvirert. Svar på undersøkinga får du hos rekvirent.

Røntgen

  • Skal du ta røntgen møter du ein radiograf på våre to røntgenlaboratorium.
  • Vanleg skjelettrøntgen krev som regel ingen førebuingar. Du vil bli bedt om å fjerne røntgentett materiale (metall, knappar, tjukke klede) frå undersøkingsområdet.
  • Dersom du er gravid, gje beskjed før undersøkinga.
  • Les meir om røntgen  

CT 

  • Skal du ta CT møter du ein radiograf på vår CT-lab. CT står for Computed Tomography og er ein undersøkelse som vert brukt for å framstille detaljer i indre organ og skjelett.
  • Nokre undersøkingar krev drikke av vatn og/eller kontrastvæske på førehand. Dette vil du få beskjed om frå radiologisk avdeling.
  • Ved fleire CT undersøkingar vert det nytta kontrastmiddel i blodåra for å framstille organa best mulig. I forkant av desse undersøkingane treng du ta ein blodprøve.
  • Dersom du er gravid, gje beskjed før undersøkinga
  • Les meir om CT

Kontaktinformasjon

Telefon
56 56 59 40
Timebestilling 56 56 59 41
Fax: 56 56 59 48
måndag - fredag 08.00 - 15.30
Kysthospitalet i Hagevik
Besøksadresse
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik(Kart)
Telefon
56 56 58 00

Bil

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til rundkøyringa ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun).
  • Ta andre avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta første avkøyring i andre rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem).
  • Følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Praktisk informasjon

Informasjonsbrev til pasientar

Kantine

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. 

Mobiltelefon

Mobiltelefon er tillat utanom på oppvakningsavdelinga.  Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Oppmøte

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem, og gå deretter opp til venterommet i 2. etasje. 

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

CT av lunger, Kysthospitalethttps://helse-bergen.no/behandlinger/ct-av-lunger-kysthospitaletCT av lunger, KysthospitaletCCT av brysthulen (CT-thorax)CT av brysthulen (CT-thorax)CT av brysthulen (CT-thorax)CT av brysthulen (CT-thorax)
CT av magen, Kysthospitalethttps://helse-bergen.no/behandlinger/ct-av-magen-kysthospitaletCT av magen, KysthospitaletCCT av bukhulen (abdomen)CT av bukhulen (abdomen)CT av bukhulen (abdomen)CT av bukhulen (abdomen)
CT av nyrer og urinvegar, Kysthospitalethttps://helse-bergen.no/behandlinger/ct-av-nyrer-og-urinvegar-kysthospitaletCT av nyrer og urinvegar, KysthospitaletCCT av nyrer og urinveierCT av nyrer og urinveierCT av nyrer og urinvegarCT av nyrer og urinveier
CT, Kysthospitalethttps://helse-bergen.no/behandlinger/ct-kysthospitaletCT, KysthospitaletCCTCTCTCT
Røntgenundersøking skjelett, Kysthospitalethttps://helse-bergen.no/behandlinger/rontgenundersoking-skjelett-kysthospitaletRøntgenundersøking skjelett, KysthospitaletRDákterikki røntgenRøntgen av skjelettRøntgen av skjelettRøntgen av skjelett

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.