Kva er eit røntgenbilete?

Eit røntgenbilete syner korleis vi ser ut inne i kroppen. Bileta ser heilt annleis ut enn eit vanleg foto, difor er det mest dei som jobbar på sjukehuset som skjønner kva dei ser på bileta. For andre ser bileta grå ut.

Røntgenbilde av brystkasse.foto.
 

​Korleis tar ein røntgenbilete?

Når det blir din tur følgjer vi deg inn til rommet der røntgenapparatet står. Røntgenapparat er mykje større enn vanlege fotoapparat og står gjerne på golvet.
 
røntgen
Av og til ligg barna på ein
benk.
Nokre barn står på golvet når vi tar bilete av dei og nokre ligg på ein benk. Det kjem an på kva vi skal ta bilete av.
Dei fleste må kle av seg på kroppen der dei skal ta bilete.
Du får eit lite forkle av tjukk gummi som du får over magen når vi tar bileta. Vi hjelper deg med korleis du skal stå eller ligge.
 
røntgen arm
Røntgenbilete av arm.
Det er vanleg å ta fleire bilete og kanskje du får spørsmål om å snu deg litt.
Det er viktig at du står heilt stille akkurat når vi tar bileta, slik at dei blir klåre og fine.
Vi seier frå til deg når du kan kle på deg og dra heim.​