Informasjon til vaksne ved Barnerøntgen - Litt om undersøkinga
Den som følgjer barnet inn må ha på seg eit blyforkle under røntgenfotograferinga. Gravide kvinner kan ikkje vere inne hos barnet under røntgenfotograferinga
Barna får òg eit blyforkle over nedre del av magen for å verne eggstokkar og testiklar. Dei aller minste er det best å ta bilete av når dei ligg på ein benk.
Nokre gonger kan det vere nødvendig at barnet drikk litt kontrastvæske. Dette ser ut som ei tjukk mjølk. Nokre barn seier den smakar som kritt medan andre ikkje synest den smakar noko i det heile. Kva røntgenbileta viser får du ikkje svar på med ein gong. Det tar om lag ei veke før fastlege får svar frå barnerøntgen.