Radiograf i Vekststudien i Bergen2

Våren 2016 deltok radiograf Magnus Riise Sveen som datainnsamlar i studiet kalla Vekststudien i Bergen2. Studiet bygga vidare på Vekststudien i Bergen1, som i si tid gjorde det mogeleg å lage vekstkurvane som no vert brukt i Noreg.

 

Tidleg pubertet

Føremålet med det nystarta prosjektet er å kartleggje når kjønnsmodninga av norske barn tek til. Det finst allereie studiar som viser at puberteten startar stadig tidlegare hos både gutar og jenter, men det er ikkje eintydige forklaringar på kvifor det er slik. Nokre teoriar peikar på aukande overvekt i befolkninga og hormonforstyrrande miljøgifter som mogelege årsaker.

I studien tok ein blod- og spyttprøvar av born mellom 6 til 16 år for å kartleggje nivåa av hormon som er kjend for å styre pubertetsutviklinga, i tillegg til å nytte ultralyd for å måle storleik på brystkjertelvev på jenter og testiklar på gutar. Datainnsamlinga starta 4. januar og vara ut mai.
Ansvarleg for prosjektet er Pétur B. Júlíusson, som har forska på overvekt og fedme hos barn i ei årrekkje.

radiograf Magnus Riise Sveen 
Magnus jobbar til dagleg som radiograf på Seksjon for barn og ungdom på Radiologisk avdeling, HUS. Her har han jobba sidan han var ferdig utdanna radiograf i 2009. Frå dette arbeidet har han erfaring med å nytte ultralyd for å måle resturin og blærevolum på born.

– Dette kom godt med, då teknikken for å måle blærevolum og testikkelvolum var den same, seier han. Enno meir til nytte kom den breie erfaringa i å samhandle med born i ulike aldrar i ein undersøkingssituasjon.

Tverrfagleg samarbeid

I prosjektet samarbeida han med sjukepleiar Ingvild Bruserud.

– Ho utførte målingar av jentene, og eg av gutane, føyer han til.

Bruserud jobbar også med barn i det daglege arbeidet, og skal framover ta doktorgrad som er tilknytt Vekststudien i Bergen2. Før oppstart av datainnsamlinga fekk begge god trening i bruk av ultralydsapparatet både frå leverandør og ved å utføre målingar på pasientar på barneklinikken.

– Me hadde til og med apparatet med oss heim for å bli godt kjend med knappane!

Lokka med kino

– Då januar kom hadde me allereie lagt ned mange timar i planlegging og organisering. Me hadde med oss eit tilrådingsbrev frå Bergen Kommune, og gjennomførte personlege møter med rektorane på skulane i Bergen. Deretter gjekk me frå klasserom til klasserom for å fortelje elevane om studiet, samt at me opna for spørsmål. Elevane fekk med seg informasjonshefte og samtykkeskjema heim til foreldra, fortel Magnus.

– Det var generelt ikkje så stort engasjement hos elevane før me fortalte at alle fekk ein kinobillett som takk for deltakinga. Då ville «alle» vere med, smiler han.

Reint praktisk gjekk datainnsamlinga føre seg ved at Magnus og Ingvild installerte seg på eit kontor på den aktuelle skulen, og henta ut 3-4 elevar frå klasserommet om gongen. Dei som ville kunne ha med seg ein klassekamerat inn til sjølve undersøkinga. Dersom det var ei jente som skulle undersøkast utførte Ingvild målingane medan Magnus plotta inn data sitjande bak eit skjermbrett, og omvendt for gutane.

Det vart målt høgde, vekt, mageomkrins, hudfoldemål, bioimpedanse og ultralyd av bryst/testiklar. Enkelte dagar deltok også to bioingeniørar som samla blod- og spyttprøvar.

– Me vart drivne etter kvart og fekk ein god arbeidsflyt der me berre trong 10 minutt per elev. Likevel hendte det mykje i skulane som gjorde at me ikkje fekk undersøkt så mange per dag. Gymtimar, idrettsdagar, akedagar, skidagar, kosedagar og planleggingsdagar utfordra til tider logistikken.

Totalt vart det innhenta informasjon om 1171 barn fordelt på 6 skular. Deltakingsprosenten låg på mellom 35 og 40 prosent. Til samanlikning vart det gjort ei liknande studie i Danmark der deltakingsprosenten ikkje var høgare enn 15 prosent.

Ville gjort det om att

– Datainnsamlinga gjekk overraskande bra. Eg er overraska over kor modne mange av elevane var. Dersom eg får høvet til å delta i eit forskingsprosjekt igjen vil eg truleg takke ja. Det same vil eg tilrå andre radiografar som får liknande mogelegheiter. Det var ei svært lærerik oppleving, avsluttar Magnus.