Korona-tiltak ved mammografi-screening

Under koronavirus-epidemien har vi strenge rutiner for smittevern for å hindre at du blir smitta eller kan smitte andre i våre lokaler. Eit viktig tiltak er eit spørjeskjema til alle pasientar om korona.

Frå veke 24 startar vi gradvis opp med mammografiscreeninga igjen.

Kontrollspørsmål når du kjem til timen

Når du møter opp til timen vil vi stille deg, og eventuelt din følgjeperson, nokre kontrollspørsmål om korona. Dette gjer vi for å førebygge at koronavirus-smitten kjem inn i lokala våre, og for å gjere det tryggast mogleg for alle våre pasientar.

Sjå spørsmåla her (pdf) 
Dersom du svarer nei på alle spørsmåla vil timen bli gjennomført som planlagt.

Dersom du svarer ja på eitt eller fleire av spørsmåla kan timen din bli utsett.

Vi vil grunna korona-epidemien førebels ikkje kunne nytte bussen til mammografi-screening.  

Grunna smittehensyn ber vi om at du ikkje har med deg følgje til timen. 
Fann du det du leita etter?