Brystdiagnostisk senter flyttar

I januar 2019 flyttar Brystdiagnostisk senter frå Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus, til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Hovudinngangen til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus er markert med raud pil. Brystdiagnostisk senter skal halde til i 5. etasje i nybygget.

Brystdiagnostisk senter skal halde til i 5. etasje i nybygget på Haraldsplass.

Hovudinngangen til det nye sjukehusbygget ligg på bakkeplan, og er vendt mot Årstadveien. Næraste busstopp er Statsarkivet i Årstadveien.
Innanfor hovudinngangen finn du resepsjonen, som du kan ta kontakt med for generelle spørsmål. Her er det også eit venteareal,  og her finn du heis opp til 5. etasje.

Brystdiagnostisk senter har eigen resepsjon i 5. etasje, der du vil kunne få informasjon om timeavtale med meir.

For dei som i tida framover får innkalling til time hos Brystdiagnostisk senter i det nye bygget, vil det følgje med eit informasjonsskriv saman med innkallingsbrevet. Informasjonsskrivet gir svar på praktiske spørsmål rundt flyttinga som tilkomst, parkeringsmoglegheiter og korleis du finn fram.

Nettsidene vil bli oppdatert med endeleg dato for flytting når den er klar.