Kva er spiseforstyrringar?

Seksjon for spiseforstyrringar

Det begynte kanskje med ein tanke om å spise sunt eller å gå litt ned i vekt. Tar tankar og handlingar omkring mat, kropp og vekt no opp store delar av livet ditt? Du er ikkje åleine. Med god behandling kan du bli heilt frisk!

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Er det slik at du har tankar om mat, kropp eller vekt som tar opp mykje av tida di? Er det slik at du vel bort ting du tidlegare likte å gjere for å få tid til å tenke på mat, kropp eller vekt? Vel du aktivitetar som omhandlar dette heller enn å vere saman med venner og familie? Har du vanskar med å konsentrere deg?​​

Har du eit problem?

Dersom du har kome inn i ein sirkel der du tenker så mykje på mat, kropp eller vekt at det går ut over andre ting i livet ditt, kan det vere at du har eit spiseproblem. For mange med spiseproblem er det knytt stor skam til korleis ein har det og korleis ein oppfører seg, og mange kjenner seg åleine. Snakk med nokon om korleis du har det, og søk hjelp i dag. Det fins i dag gode metodar for å bli frisk frå problem knytt til det å spise.

Reglar, trening, oppkast og undervekt

Det kan vere at du har laga deg reglar for kva, når, korleis og kor mykje du kan spise, og at du får det vanskelig dersom du ikkje klarer å følgje desse reglane. Då kan det vere at du kastar opp eller trenar svært hardt. Det kan vere at du har gått mykje ned i vekt, men det kan også hende at vekta er som før eller at du har gått opp i vekt. Nokon få med spiseproblem blir også undervektig.

Undervekt gir i seg sjølv mange problem, slik som at du trekker deg bort frå vener og familie, du kan få dårlig humør og bli lettare irritert, du kan få dårlegare konsentrasjon på skule eller jobb, du kan endre korleis du oppfører deg slik at du ikkje heilt kjenner igjen deg sjølv, og du kan bli opptatt av små detaljar som handlar om mat, kropp eller vekt. Å vere undervektig opprettholder spiseproblemet i seg sjølv. Dei fleste med spiseproblem og undervekt syns det er veldig skummelt å gjøre noko med undervekten sin. 
 

Korleis får ein spiseforstyrringar?

Spiseproblem startar ofte som små endringar i kva du spiser, kva aktivitetar du vel, og tankar om å gå litt ned i vekt eller å bli litt betre / flinkare / sunnare. Nokon opplever etter ei tid at tankane kring mat, kropp og vekt ikkje lengre kan velgast bort, men at dei styrer val på mange område i livet.

Når tankar og handlingar knytt til mat, kropp og vekt tek så stor del av livet ditt at du ikkje lenger kan gjere det du brukar å like, kan det vere at du har fått eit spiseproblem. Ta kontakt med nokon som kan sjå på dette saman med deg. Det er betre å søke hjelp før det har gått for lang tid, og tankane har sett seg fast. Det fins god hjelp å få.


Snakk med fastlegen din

Du kan begynne med å kontakte fastlegen din, evt helsesøster om du går på skule, eller studentenes psykiske helsetjeneste dersom du er student. Her vil du kunne få støtte til å starte med endringane for å få det betre, eller dei vil hjelpe deg med å vise deg vidare til andre som kan gje denne støtta.

Meir informasjon