Krav til tilvising av pasientar

Seksjon for spiseforstyrringar

Tilvisingar til Seksjon for spiseforstyrringar må innehalde informasjon som tilseier at pasienten kan ha rett til behandling ved seksjonen. Det medfører at det må gå fram at tilvisande lege/psykolog har stilt diagnosen spiseforstyrring eller at det går tydeleg fram av tilvisinga at pasienten har spiseforstyrring.

Alle tilvisingar må innehalde opplysingar om pasienten er undervektig eller overvektig, det bør foreligge BMI. Det må også gå fram om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp.

Dersom det ikkje blir lagt fram informasjon som tilseier at pasienten har rett til nødvendig helsehjelp står seksjonen fritt til å bestemme tidspunkt for oppstart av behandlinga.  Pasientar som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp vil ofte bli avvist og anbefalt behandling ved DPS eller hos eigen lege. 

Ved undervekt eller  BMI < 17,5  bør det gå fram om pasienten sitt vekttap skuldast forstyrring i sjølvbilde og frykt for å legge på seg. Dersom det er mistanke om at vekttapet kan ha andre årsaker enn spiseforstyrring bør det gå fram av tilvisinga. Opplysingar om bortfall av menstruasjon kan vere verdifullt.

Komplikasjonar

Det bør kome fram om pasienten har komplikasjonar av spiseproblemet [1]. Varigheit av spiseforstyrring vil kunne tyde på risiko for komplikasjonar. Opplysingar om varigheit av lidinga vil også kunne sei noko om moglegheita for at pasienten kan gjere seg nytte av behandling med tanke på å bli frisk.

Dersom pasienten har brekningar bør det ligge føre opplysingar om kor ofte pasienten har oppkast og om s-kalium. Opplysingar om pasienten har subjektiv eller objektiv overspising kan vere til nytte for å vurdere risiko for hypokalemi. Ved hyppige brekningar eller ved langt framskride spiseproblem er det ønskeleg med opplysingar om QTc-tid [2].

Det bør kome fram om pasienten har misbruk av avføringsmiddel, vanndrivande, praktiserer overdreven trening, utøver selvskading, har depresjon eller suicidalitet. Det bør kome fram opplysingar om kor mykje pasienten klarer å spise i  løpet av ein dag og om samansettinga av kosten en vanlig dag.

Det bør også gå fram kva for medikament pasienten brukar. Pasienten sin motivasjon vil ha betyding for om pasienten kan gjere seg nytte av behandling og bør også gå fram av tilvisinga.

Referanser

  1. Statens Helsetilsyn. Alvorlige spiseforstyrrelser; retningslinjer for behandling i spesialisthelsetjenesten. Utredningsserien, 2000;7. (pdf)
  2. Frostad S. Somatisk utredning og behandling av spiseforstyrrelser. Tidsskr Nor Laegeforen,2004;124(16):2121-5.

 


Sjekkliste for tilvising

  • Diagnose
    • Er diagnostiske kriterier oppfylt?  
    • Differensialdiagnostiske avveiingar 
    • Komorbiditet (både psykiatrisk og somatisk)
  • BMI
  • Vektutvikling siste 3 månader
  • Opplysingar om matinntak
  • Overspisingsepisodar; evt hyppighet og kor mykje
  • Oppkast: hyppighet, trening: intensitet, avføringsmiddel, vanndrivande eller andre metodar for rensing
  • Opplysningar om komplikasjonar, enten om det ikkje er komplikasjonar påvist eller om pasienten har vekstretardasjon, beinskjørhet eller betydelig redusert funksjonsnivå
  • Motivasjon
  • Sosiale opplysingar
  • Om det er utarbeida individuell plan (for pasientar med rett og behov for dette, etter samtykke frå pasienten)

Har du spørsmål om tilvising, kan du ta kontakt med oss for rådgjeving.​

 

Rettleiing for korleis du bør utforme tilvisinga til Seksjon for spiseforstyrringar (pdf)