Informasjon til pårørande

Seksjon for spiseforstyrringar

Personar som har eit vanskeleg forhold til mat, kropp eller vekt vekker stor uro hos pårørande, vener og kollegaer. Dei gjer val som er vanskeleg å forstå for andre, og det kan vere at de opplever konfliktar grunna dette.

Gule bobler. Grafisk illustrasjon
 

Som nær familie eller venn til ein person med spiseproblem kan mange oppleve at dei er makteslause når det gjeld dei vala personen gjer, og det kan vere vanskeleg å forstå kva som skjer.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Ved å få god behandling er det gode sjansar for at personen vil bli heilt frisk.

Fastlåste tankemønstre, reglar og spiseproblem

Når ein person har utvikla eit uheldig forhold til mat, kropp og vekt kan det vere vanskeleg å kome ut av fastlåste tankemønstre utan profesjonell hjelp.

Spiseproblem kan gjere at personen lagar seg mange reglar for kva han eller ho kan eller ikkje kan spise og gjere. Personen kan lage seg reglar for kva som må skje om reglane vert følgde eller brotne, og lagar seg nye og strengare reglar ettersom nye mål vert nådd. Dette systemet gjer at spiseproblemet held seg sjølv i gang i ein sirkel som er vanskelig å kome ut av utan gode verktøy.

Pårørande bryr seg

Mange pårørande opplever det som vanskelig å ta tak i spiseproblemet. Det kan forsterke konfliktnivået ein allereie opplever, og føre til større avstand. Ein bør som pårørande ikkje gå inn i problemet, men undre seg saman med den som er råka over kva som hender. Ein kan tilby seg å følgje personen til kvalifiserte hjelpetilbod og ikkje ta ei behandlarrolle i forhold til personen sjølv.

Råd og tips til pårørande

Som pårørande til ein person som har spiseproblem kan ein føle seg åleine. Mange har stor nytte av å møte andre som opplever det same som dei. Seksjon for spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus har eit nært samarbeid med ROS – rådgiving om spiseforstyrrelser. På nettsidene deira kan du finne meir informasjon om råd og tips til kva du som pårørande kan gjere, og du kan ta del i undervisning og andre aktivitetar som dei arrangerer.

Vi arrangerer også eit dagsseminar saman med ROS. Det skjer ein gong kvart halvår. Er du pårørande til nokon som har eit spiseproblem kan du sjølv melde deg på uavhengig av om vedkomande er i behandling eller ikkje.


Korleis jobbar vi?

Det fins ulike tilnærmingar til behandling av spiseproblem. Hos oss ved Seksjon for spiseforstyrringar ynskjer vi å gje tilbod om behandling som verkar raskt og over tid slik at tida ein er sjuk blir kortast mogleg.

​​​​​​​​​​​​​​​Poliklinisk behandling

Seksjon for spiseforstyrringar gjev i utgangspunktet tilbod om behandling i poliklinikken. Det vil seie at ein kjem til samtalar hos behandlar i våre lokale i Haukelandsbakken 49.

Vi har også ein liten sengepost i same bygg som poliklinikken. Der kan ein søke om plass for å få økt støtte til å gjere endringane som skal til for å bli frisk for dei som har forsøkt behandling i poliklinikken vår eller andre stader utan å lukkast.

Kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar

Vi nyttar kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar, som er ein metode som hjelper personen til å bli kjent med tankeprosessar og handlingar som spiseproblemet har gitt. Deretter får personen lære ulike verktøy for å endre dette. Metoden har gode resultat, og mange pasientar blir friske etter å ha mottatt denne behandlinga.

Familiebasert terapi

For dei yngste pasientane kan familiebasert terapi vere aktuelt. Det er ein metode der foreldra til ungdommen får støtte og rettleiing til å hjelpe ungdommen ut av spiseproblemet i dei tilfella der tilstanden er alvorleg og ungdommen sjølv ikkje er klar for å jobbe med endring på eiga hand.



Kven kan du ta kontakt med?

Seksjon for spiseforstyrringar er ei av fire regionale einingar for spiseforstyrringar i Norge. Det medfører at vi ikkje er første kontaktpunkt når ein søker hjelp.

Fastlege og helsesøster

For dei fleste som søker behandling for sitt spiseproblem vil fastlegen vere ein naturleg stad og starte. Skuleungdom kan også snakke med helsesøster på skolen.

​​​​​​​​​​​​​​​​Dersom den du er uroa over ikkje sjølv ynskjer å søke hjelp, kan du kontakte din egen fastlege for råd og rettleiing. Dersom det er naudsynt vil fastlegen også kunne sende ei tilvising til vidare oppfølging i spesialisert helsetilbod.

BUP og DPS

Om personen med spiseproblem er under 18 år, vil det vere Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) som er næraste hjelpeinstans.

Dei over 18 år vil kunne få eit tilbod på distriktspsykiatrisk poliklinikk (DPS). Dersom ein ikkje oppnår ønska behandlingsutfall på dette nivået, kan behandlar tilvise vidare til Seksjon for spiseforstyrringar. Vi kan ta imot pasientar frå fylte 16 år.

Øyeblikkeleg hjelp

Dersom du trur at det er behov for øyeblikkelig hjelp må du kontakte legevakten der du bur.

For deg som pårørande vil vi anbefale å kontakte ROS. På nettsidene deira finn du mellom anna råd for kva du kan gjere som pårørande.

 


ROS – Rådgiving om spiseforstyrrelser 

Helsenorge.no – informasjon til pårørande

Helsenorge.no – informasjon om spiseforstyrringar