Hospitering

Medisinsk avdeling ved HUS inviterer til tre dagars hospitering for allmennpraktikarar.

​​​​​Hovudformålet med hospiteringsordninga er betre kjennskap og tillit mellom sjukehuset sitt personale og dei lokale allmennlegane, samtidig som allmennlegane vil kunne auke sin kompetanse. 

Hospiteringa gir 30 valfrie poeng til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin.




Praktisk opplegg

Medisinsk avdeling har fem ulike seksjonar som kan veljast ut frå den enkelte lege sine ønskjer for hospiteringa. Det er Infeksjonsseksjon, Nyreseksjon, Endokrinologisk seksjon, Gastroseksjon og Hematologisk seksjon. I tillegg kjem Observasjonspost/generell post.

Seksjonane har satt opp ein dagsplan som hospitanten følgjer. Hospitantane skal ikkje ha sjølvstendige arbeidsoppgåver, men følgje den daglege drifta og bruke tida til å fordjupe seg i det aktuelle fagfeltet og strukturen til avdelinga.

Det blir kravd at hospitanten blir underlagt og held teieplikt som sjukehuset sitt personell elles.

Onsdag til fredag

Hospiteringsperioden strekker seg over onsdag, torsdag og fredag frå klokka 08.00 til 15.00. Hospiteringa kostar ikkje hospitanten noko utover eventuelt mat og drikke.

Legeforeininga sitt fond for vidare- og etterutdanning kan søkast for dekking av reise- og opphaldsutgifter der dette er nødvendig.​