Fag og forsking

Seksjon for spiseforstyrringar

Vi ønsker å gi pasientar den beste behandlinga. For å halde eit høgt fagleg nivå har vi over fleire år hatt tett samarbeid med fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt.

To kvinner i samtale. Foto
 

Kompetanseutvikling

Seksjon for spiseforstyrringar bidrar til økt kompetanse kring spiseforstyrringar i Helse Vest. Vi kan tilby rettleiing og undervisning til helsepersonell som er i kontakt med menneske med denne lidinga, både på sjukehus og andre stader.

Vi tilbyr også undervisning til utdanningsinstitusjonar i vårt opptaksområde. Ta kontakt med oss om dette er av in​​teresse for dykk.

Kropp og Selvfølelse i Helse Vest

Seksjon for spiseforstyrringar tilbyr også Kropp og Selvfølelse i Helse Vest​. Dette er eit klinisk kompetanseutviklingsprogram om spiseforstyrringar retta mot spesifikke yrkesgrupper.

Forsking og fagutvikling

Seksjon for spiseforstyrringar deltek i forsking og utvikling av behandling av spiseforstyrringar både nasjonalt og internasjonalt.

Vi ber derfor våre pasientar om å delta i kvalitetssikringsarbeidet vårt ved oppstart av behandling. Vi ynskjer å følgje pasienten over tid for å sjå effekten av behandlinga som vert gitt, med oppfølging fram til ett år etter avslutta behandling.

Ved å samle og analysere data, og publisere artiklar basert på desse opplysningane ynskjer vi å bidra til at stadig fleire får god behandling for sitt spiseproblem.

​​​​​Internasjonalt samarbeid

Vi har i fleire år mottatt opplæring og rettleiing i kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar av professor Chris Fairburn ved University of Oxford og av overlege Riccardo Dalle Grave ved Villa Garda klinikken i Verona, Italia.

​​​​​I arbeidet med familiebasert terapi deltek vi i opplæring og rettleiing frå professor Kerstin J. Plessen og psykolog Mette Bentz ved Bispebjerg Psykiatriske Hospital i København.

Vi har sidan 2013 samarbeida med Childrens Hospitals and Clinics of Minnesota som også nyttar både kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar og familiebasert terapi i behandling av spiseforstyrringar.

Nasjonalt deltek vi i faglege nettverk både innanfor eigen helseregion, og i det nasjonale kliniske nettverket for behandling av spiseforstyrringar.