Tilvising

Seksjon for alderspsykiatri

Seksjon for alderspsykiatri behandlar pasientar over 65 år med komplekse lidingar samansatt av psykiatriske symptom, kognitiv svikt og somatisk sjukdom.

Kvinneleg lege. Foto
 

Kven kan tilvisast?

  • alvorlege psykiske lidingar debutert etter fylte 65 år
  • demens og alvorlege nevropsykiatriske symptomer (NPS). Alder >65 år er av mindre betyding.
  • uavklart demensdiagnose eller mistanke om kognitiv svikt på nevrodegenerativt grunnlag
  • ​alvorleg psykiatrisk liding frå tidligare, når samstundes somatisk sjukdom eller høg alder gjer alderspsykiatrien hensiktsmessig

Kven tilbyr spesialisert alderspsykiatrisk behandling?

I Helse Bergen HF sitt opptaksområde er det to instansar som tilbyr spesialisert alderspsykiatrisk behandling: ​Seksjon for alderspsykiatri, Haukeland universitetssjukehus og NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus.

Seksjon for alderspsykiatri vil spesielt ta i mot:

  • Alderspsykiatriske pasientar med omfattande somatisk sjukdom og samstundes behov for bistand frå somatisk spesialisthelseteneste.
  • Alderspsykiatriske pasientar med behov for innlegging og der det er sannsynleg at ECT-behandling vil vere ein del av tilbodet.​

​Seksjonen kan også kontaktast ved behov for konsultasjon / rådgiving for alderspsykiatriske pasientar som er innlagde ved kommunale institusjonar og samstundes får ECT-behandling.

I tillegg til pasientgruppene over er det ei stor gruppe av dei alderspsykiatriske pasientane som vil få eit like godt tilbod ved begge institusjonane.

Innhald - Tilvising for alderspsykiatri (pdf)Rettleiar for tilvising - alderspsykiatrisk tilbod i Helse Bergen HF sitt opptaksområde (pdf)

NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus  

Pasienten kan søkjast direkte til seksjon med tilvising frå:

  • Fastlege
  • Sjukeheimslege
  • Sjukehusavdelingar og distriktspsykiatriske senter (DPS) i Divisjon psykisk helsevern
  • Somatisk spesialisthelseteneste

Internt i Divisjon psykisk helse gjeld rutinar for sekundærtilvising.

Seksjonen har ikkje øyeblikkeleg-hjelp-funksjon. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp-innlegging i psykisk helsevern bør dette i all hovudsak skje ved døgnpostar i DPS eller eventuelt ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Pasientane blir då overført til Seksjon for alderspsykiatri snarast mogeleg.​​

Tilvisinga sendast til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Klinikk for psykosomatisk medisin
Seksjon for alderspsykiatri
Postboks 1400
5021 Bergen