Forsking

Seksjon for alderspsykiatri

Her finn du meir informasjon om fag og forsking ved alderspsykiatri på Haukeland.

Eldre par på tur i skogen. Foto
 

Gaustadmodellen

Sidan 2012 har Seksjon for alderspsykiatri tatt del i SAMSA – eit multisenterprosjekt for samhandling mellom alderspsykiatrisk spesialisthelseteneste og sjukeheim.

Leiar for multisenterprosjektet er Dr.med. Mina Bergem, avdelingsoverlege ved alderspsykiatrisk avdeling på AHUS.

Meir om prosjektet og Gaustadmodellen

Prosjektet byggjer på ein modell som blir kalla «Gaustadmodellen» som inneber:

  • Undervising frå spesialisthelsetenesta til personalet ved sjukeheimane i alderspsykiatriske tema
  • Grupperefleksjon blant personalet kring tema det har vore undervisning i.
  • Rettleiing frå spesialisthelsetenesta basert på kasuistikkar.

Før undervising, grupperefleksjon og rettleiing har det vore undervisning i relevante karleggingsskjema for avdekking av psykiske vanskar blant bebuarane.  

Formålet med prosjektet er at auka kompetanse i alderspsykiatri blant sjukeheimspersonale, skal kome bebuarane ved sjukeheimane til gode. Samstundes forventast det at prosjektet skal senke terskelen for kontakt mellom sjukeheimar og alderspsykiatrisk spesialisthelseteneste.

Bakgrunn. Prosjektet vart i 2012 gjennomført i samarbeid med Øvsttunheimen og Ulset sykehjem. I 2014 gjennomførast prosjektet i samarbeid med Løvåsen sykehjem, Kalfaret sykehjem og Enkers aldershjem. Prosjektet er finansiert av Helsedirektoratet.

Seksjon for alderspsykiatri vil i fortsetjinga av prosjekta kunne tilby ei tilnærming basert på denne modellen med undervising i alderspsykiatriske tema, refleksjonsgrupper og rettleiing dersom ein sjukeheim eller ei avdeling opplever å ha behov for dette. Dette tilbodet kjem då i tillegg til tilsyn av bebuarar ved sjukeheimar etter søknad.

For meir informasjon, kontakt Seksjon for alderspsykiatri v /assisterande seksjonsleiar på telefon 55 97 45 35 / 85.

 


PRODE

Seksjon for alderspsykiatri deltar som ein av 10 alderspsykiatriske avdelingar i Noreg i forskingsprosjektet PRODE: PRognosis Of Depression in the Elderly.

Prosjektet er ein multisenter, prospektiv, longitudinell- og kasus-kontrollundersøkelse. Den vil undersøke korttids- og langtidsprognosen, samt prognostiske faktorar hos eldre pasientar som blir behandla for depresjon i alderspsykiatrisk spesialisthelseteneste i Noreg.

Fagleg ansvarleg for prosjektet er professor Knut Engedal ved Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse.

Prosjektleiar er doktorgradsstipendiat Tom Borza, overlege ved Alderspsykiatrisk seksjon og Alderspsykiatrisk forskningssenter, Sykehuset Innlandet, Sanderud