Tilvisingsrutinar

Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Denne nettsida er for fagfolk som kjem i kontakt med barn i profesjonell samanheng.

Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har sju allmennpoliklinikkar (BUP) med ulikt geografisk ansvar, og tre sengepostar.

Tilvisingar til Helse Bergen frå andre helseregionar kan gjerast med bakgrunn i Fritt behandlingsval.

I slike tilfelle er ikkje samarbeidet mellom det kommunale hjelpeapparatet i din kommune og Helse Bergen regulert via samarbeidsavtale. Vi har heller ikkje same kjennskap til det kommunale hjelpeapparatet i din kommune, som vi har i Helse Bergen sitt opptaksområde. Det er likevel viktig at dei kommunale tenestene er innstilt på godt samarbeid og til å møte ved den aktuelle poliklinikk dersom det er behov for dette.

Med bakgrunn i kapasitet og praktiske årsakar, vil behandling og møteverksemd knytta til pasientar utanfor Helse Bergen sitt opptaksområde føregå på den aktuelle poliklinikk i PBU, Helse Bergen. Ein må derfor rekne med å reise for å motta helsehjelp. Det same gjeld lokalt hjelpeapparat som skal delta på møte i Helse Bergen.

BUP jobbar og saman med andre offentlege instansar, som til dømes skule / barnehage, fastlege, helsesøster og i nokon tilfelle barnevern.

Er du bekymra for eit barn?

Alle kan i periodar slite med å takle livet, særleg når det skjer store hendingar, eller når vi lev i situasjonar der det er mange risikofaktorar. Dette er normalt.

Når treng barn ekstra støtte?​

  • Når dei slit lengre enn venta
  • Når dei har mange ting å takle og viser fleire tegn på at dei slit
  • Når dei opplev at kjenslane er så sterke at dei forstyrrar kvardagen

Når du er bekymra for eit barn eller ein ungdom du arbeidar med, er det ein rekkje ting du kan gjere:

  • Spør barnet om korleis han eller ho har det, ta deg tid til å lytte, unngå å spørre etter detaljar
  • Snakk med barnet og finn ut om det er problem heime eller på skulen som kan medverke til åtferda
  • Snakk med kolleger om bekymringane dine
  • Fortel barnet at tryggleiken deira er viktigast, men at at du kanskje må la andre få vite om vanskane
  • Spør om det er ok å involvere foreldra / føresette, og informer barnet om det, dersom dette er intensjonen din
  • Gjer det du kan for å støtte barnet, men ta kontakt med andre hjelpeinstansar når du treng bistand. Drøft situasjonen anonymt med ein profesjonell person, for eksempel i BUP

Samtale med barn
På nettsida til Snakketøyet finn du gode råd og tips for korleis du kan snakke med barn om vanskelege ting.

Les meir på snakketoyet.no

Far og sønn prater sammen. Illustrasjon 
 

Tilvisingsrutinar

Lege, psykolog, leiar for barnevernstenesta, og leiar for NAV kommune (sosialtenesta) kan tilvise til BUP. 

Kva inneheld ei tilvising?

  • Utfylt BUP-skjema (pdf)​
  • Symptom / problematisk åtferd (heime, på skulen, blant venner): type, varigheit, funksjonstap, største problem nå
  • Relevante psykososiale høve
  • Tidlegere sjukdommar
  • Kva er gjort av undersøkingar / utgreiingar?
  • Kva tiltak / behandling har vorte prøvd?
  • Søvn / appetitt
  • Medikament / rusmidlar
  • Somatisk vurdering  (inkludert syn / hørsel)
  • Eventuelle labprøver: thyroidea, ferritin, vitamin B12, EEG
  • Eventuelle tilleggsrapportar frå skule, barnehage, PPT

Viktig:

  • Er det vurdert om somatisk tilstand kan vere årsak til symptoma?
  • Di vurdering av hjelpebehov / alvorlegheitsgrad
  • Det må kryssast av for samtykke frå begge føresette med foreldreansvar (unntak må grunngjevast), eller frå ungdom over 16 år.

Alle tilvisingar vert vurdert innan ti verkedagar, i samhøve med prioriteringsrettleiar (IS-1581).

NB!
Manglande samtykke og / eller manglande BUP-skjema gjer riktig vurdering av tilvisingar vanskelegare.


Hastevurderinger

I dei tilfelle der fastlegen vurderer at pasienten ikkje treng akutt innlegging, men likevel treng time raskt, kan fastlegen kontakte poliklinikken.

​​Konsultasjon
Kvar poliklinikk har ei «vaktordning» for behandlarar som tek imot tilvisingar frå fastlege, lærare, helsesystre, barneverntenesta m.m.

Det kan gjelde ein generell konsultering eller ein hastevurdering.

BUP følger opp
BUP kontaktar aktuell familie / pasient same dagen dei mottek tilvisinga om hastevurdering. ​​BUP tek ansvar for å organisere tidspunkt for hastetimar ein av dei næraste dagane. ​

Kontaktinformasjon - poliklinikkar

  • BUP Fana, Fusa og Austevoll - telefon 55 97 80 00
  • BUP Ytrebygda, Os og Samnanger - telefon 55 97 80 00
  • BUP Voss - telefon 56 53 35 35
  • BUP Sentrum - telefon 55 97 02 00
  • BUP Øyane - telefon 56 31 30 00
  • BUP Åsane - telefon 55 97 74 00
  • BUP Nordhordland - telefon 56 34 33 00

Akuttpsykiatrisk hjelp for barn og unge

​Øyeblikkeleg hjelp (ØH) betyr at pasienten har behov for behandling same dag. Ved ØH har pasienten ikkje rett til fritt val av behandlingsstad.​

For konsultasjon og vanlege tilvisingar, ver venleg å kontakte aktuell poliklinikk (BUP).

Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har ØH-ansvar for følgande kommunar: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Granvin, Gulen, Kvam, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Os, Radøy, Samnange​​r, Sund, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden

Kontaktinformasjon

Kvardagar mellom kl. 08.00-15.00:

  • Barn og unge (0-18 år) - telefon 55 97 57 50

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.