Opplæringspenger til foreldre

Du kan få opplæringspengar viss du er yrkesaktiv og har omsorg for eit langvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Det er ikkje berre foreldre som kan få opplæringspengar, men også andre som har omsorg for barnet, for eksempel søsken. Ved behov kan fleire omsorgspersonar få opplæringspengar samtidig.

Når kan du få opplæringspengar?

Du må som hovudregel ha vore i arbeid dei siste fire vekene før kurset eller opplæringa, og ha tapt arbeidsinntekt.

Det er eit vilkår for rett til opplæringspengar at opplæringa er nødvendig for å kunne ta seg av og behandle barnet.

Du kan få opplæringspengar dersom du får opplæring ved ein godkjent helseinstitusjon eller deltar på eit foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter.

Opplæring må vare en hel arbeidsdag i løpet av en uke. Reisetiden kan regnes med.

Du har ikkje rett til opplæringspengar når du deltar i opplæring som blir arrangert utanfor helseinstitusjon, for eksempel av humanitære organisasjonar, brukarorganisasjonar eller tilsvarande.

Du kan få opplæringspengar også etter at barnet har fylt 18 år.

Kva kan du få?

Opplæringspengar blir rekna på same måte som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget. Det er ingen arbeidsgivarperiode ved opplæringspengar. Du får opplæringspengar frå NAV frå første dag. Arbeidsgivar kan forskottere opplæringspengane og krevje refusjon frå NAV.

Korleis søker du om opplæringspengar?

Du søker om opplæringspengar ved å fylle ut legeerklæring (NAV 09-11.08). Del 1-2 skal vere fylt ut av lege og du får denne av legen eller andre ved den ansvarlege helseinstitusjonen. Blanketten skal vere underskriven av den som søker om opplæringspengar.

Viss du er arbeidstakar må arbeidsgivaren din sende inn skjema for inntektsopplysningar (NAV 08-30.01) til NAV. Du kan få opplæringspengar for opptil tre månader før den månaden NAV mottek søknaden, viss vilkåra var oppfylt i denne perioden. Du er sjølv ansvarleg for at søknaden blir sendt inn. Han blir forelda etter tre månader.

(Utdrag henta frå NAV – sjå meir informasjon på www.nav.no