TAG

(Trygg, Aktiv og Glad)

TAG er eit behandlingsprogram som tar sikte på å redusere symptom på angst og depresjon gjennom variert fysisk aktivitet. Tilbodet blir organisert med 2 treningar per veke i 14 veker. 

 

I TAG tilbyr vi aktivitetar som ballspel, klatring, bassengaktivitet, friluftsterapi og andre gymsalaktivitetar. Det er to instruktørar frå Energiteamet til stades på kvar trening.


For mange barn og unge er det utfordrande å vere fysisk aktiv på fritida. Derfor er det lagt opp til 2 til 3 periodar der pasienten jobbar med å vere aktiv i eige nærområde. For Energiteamet er det viktig å forstå kva som skal til for at pasienten skal vere fysisk aktiv, og periodane med eigentrening vil bidra til dette.



Fann du det du leita etter?