Bli med på verdas kulaste E-sport-arrangement 26.-27. oktober

Klinikk psykisk helsevern born og unge, inviterer til E-LAN på Energisenteret for born og unge på Haukeland sjukehus. Det blir to heile dagar med speling, foredrag, gym og bading.

 

Meld deg på her!

Det er første gong E-LAN vert arrangert. Bak arrangementet står Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge og Energisentret på Haukeland. Under E-LAN skal vi og jobbe tett saman med folk som kan masse om dataspel og om andre aktiviteter for born og unge.

Kva skal vi gjere på E-LAN?

Vi riggar til eit stort område med PC-ar, pultar og netttilgang, i tillegg blir det arrangert turneringar i LoL, StarCraft, Fornite og Super Smash Bros.
Men vi skal ikkje berre spele – her blir det også full guff med fysisk aktivitet heile helga. Vi skal klatre i klatreveggen, spele bordtennis – og vi skal ha bading og poolparty i Bergens finaste basseng. Vi skal også vise 3D-printing live og vi riggar til kule oppsett der du kan få prøve kule VR-briller.

Jente og gutt i basseng

Energisenteret for barn og unge

For foreldre

Vi skal ha foredrag frå både profesjonelle gamerar og ekspertar på kosthald og fysisk aktivitet. Så mens borna spelar og heng ut i bassenget, kan foreldra få lære meir om spel og speling, riktig kosthald og fysisk aktivitet. Det blir og debattar – kven har ikkje krangla litt om kor mykje det er lurt å spele?

Hensikta med E-LAN

Vi vil bygge bruer mellom dataspel og sunn livsstil. Vi vil støtte opp om forskjellige meistringsarenaer som allereie eksisterer. Vi vil gje born og unge moglegheiter til å finne fleire meistringsarenaer.  E-LAN skal vere ein trygg og sosial møteplass for barn og unge i Klinikk Psykisk Helsevern born og unge.

Når:

• Fredag den 26. oktober fra kl 16:00-22:00

• Lørdag den 27. oktober fra kl 12:00-22.00

Målgruppa er frå 12-18 år

Er du en av oss: Meld deg på her!

Påmeldingsfrist 21. oktober

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.