Kva er bipolar liding?
Bipolar liding er knytta til episodiske forandringar i stemningsleiet. Ordet bipolar betyr «to polar» og representerar mani (oppstemtheit) og depresjon (nedstemtheit).
Om du har bipolar liding vil humøret ditt svinge meir enn kva andre menneske opplever. Mani er eit viktig kjenneteikn ved sjukdommen. Manien startar ofte brått og kan vare frå to veker til fleire månader. I desse periodane kan du sette deg sjølv i vanskelege og alvorlege situasjonar ved til dømes sette i gang mange prosjekt samstundes, handle mykje på kreditt eller spele på pengespel.
Eit anna kjenneteikn er depresjon. Du kan oppleve at du har mindre interesse for ting du tidlegare satt pris på, at du har vanskar med å komme i gang med aktivitetar - alt frå daglege gjeremål til skole og jobb.
Til vanleg rammar sjukdommen i ung alder, oftast seint i tenåra, men sjukdommen kan òg bryte ut før tenåra og i vaksen alder.
Kva er ein depresjon?
Ein depresjon er ein psykisk liding som verkar inn på humøret, følelsane og åtferda. Frå tid til annan vil alle kjenne seg triste og einsame. Livet går opp og ned, og desse følelsane er naturlege.
Men om ein slit med negative følelsar, likegyldigheit, dårleg konsentrasjon og lågt energinivå over lang tid og du ikkje fungerer i kvardagen, då kan det vere ein depressiv liding. Om lag 20 prosent av befolkninga vil oppleve ein depresjon som treng behandling i løpet av livet.
Meir informasjon om affektive lidingar
Bipolar liding - helsenorge.no
Depresjon hos vaksne - helsenorge.no
Psykiske lidingar - helsenorge.noForeiningar og organisasjonar
Landsforening for pårørende innen psykisk helse
Bipolarforeningen Norge
Rådet for psykisk helse
Mental helse
Kirkens SOS