Fra venstre: Yngvild Sørebø Danielsen, Ute Kessler, Guro Årdal Rekkedal, Malin Mandelid Kleppe
Forskningsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern
CBT-E er ei form for psykoterapi som har vist lovande behandlingsresultat ved anoreksi. Me ynskjer å undersøke verknad av CBT-E behandling gitt ved Avdeling for spiseforstyrringar ved Haukeland Universitetssjukehus. Me vil og sjå nærare på biologiske mekanismar, til dømes samansetninga av tarmbakteriar, som ein potensiell variabel som kan forklare eller oppretthalde symptoma ved anoreksi. Ettersom overaktivitet er ein sentral oppretthaldande faktor ved sjukdommen vert aktivitetsnivået også målt. I tillegg ynskjer me å undersøke årsaker til at nokon avbryt behandlinga før den er fullført for å kunna førebyggje dette i størst mogeleg grad seinare.
Bakgrunn
Anoreksi karakteriserast av eit unormalt spisemønster, alvorleg vekttap, intens frykt for leggja på seg trass undervekt og ha eit forstyrra kroppsbilete. Sjukdommen fører også med seg store påkjenningar for både den berørte og berørtes familie, og er forbundet med redusert livskvalitet og fleire helseutfordringar og komplikasjonar. Anoreksi vert i dag behandla med psykoterapi, men behandlinga er krevjande og det er ein høg andel som ikkje fullfører behandlinga eller vert verande sjuke.
Metode
Alle polikliniske pasientar (over 16 år) med anoreksi som får tilbod om CBT-E behandling på Avdeling for spiseforstyrringar, får også tilbod om å være med i studien. Det er frivillig å delta og behandlingstilbodet til pasientane er likt uansett om dei vel å delta i studien eller ikkje. Me samlar inn data frå studiepasientar ved oppstart av CBT-E behandling, etter 3 måneder i behandling, etter fullført behandling (eventuelt fråfall frå behandling) og 1 år etter fullført behandling. Studiepasientane vert og samanlikna opp mot ei frisk kontrollgruppe. Datainnsamling inkluderer å svara på spørreskjema, intervju om mage-tarm helse, kosthald og fysisk aktivitet, bruk av aktivitetsmålar, vektmåling, blod- og avføringsprøvar.
Forskningsgruppen
Ute Kessler, PhD
Prosjektleiar
Psykiatrisk divisjon
Haukeland Universitetssjukehus
Guro Årdal Rekkedal, PhD
Daglig leiar anoreksi studien
Psykolog, Seksjon for spiseforstyrringar
Haukeland Universitetssjukehus
Yngvild Sørebø Danielsen
Medlem av forskningsgruppa
Psykologspesialist og førsteamanuensis, Universitetet i Bergen
Malin Mandelid Kleppe
Forskningsassistent
Ernæring og klinisk helsevitenskap
Haukeland Universitetssjukehus
Marit Nilsen Albertsen
Fysioterapeut
Medlem av forskningsgruppa
Signe Haugen
Seksjonsleiar
Avdeling for spiseforstyrringar
Haukeland Universitetssjukehus
Samarbeidspartnere
Øyvind Kommedal
Helse Bergen HF
Overlege ved mikrobiologisk avdeling ved Haukeland US
Gülen Arslan Lied
Helse Bergen HF
Spesialist i indremedisin og fordøyelsessykdomme Leder for Senter for ernæring, UIB.
Jan Gunnar Hatlebakk
Helse Bergen HF
Overlege og professor. Leder for Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonelle mage-tarmsjukdommar
Elisabeth Kjelsvik Steinsvik
Helse Bergen HF
Lege og stipendiat ved medisinsk avdeling
Birgitte Berentsen
Helse Bergen HF
Prosjektleder Nasjonal kompetansetjeneste for funksjonell mage-/tarm- sykdommer
Trygve Hausken
Helse Bergen HF
Overlege Gastroenterologisk seksjon, Medisinsk legeenhet
Øyvind Rø
Nasjonalt klinisk nettverk for spiseforstyrringar
Professor, forskningsleder for RASP og leder av NorSpis
Riccardo Dalle Grave
Internasjonal institusjon
Director of the Department of Eating and Weight Disorder, Villa Garda Hospital, Italy. Prof.
Simona Calugi
Internasjonal institusjon
Director of the Department of Eating and Weight Disorder, Villa Garda Hospital, Italy. Prof.
Christopher Fairburn
Internasjonal instutisjon
Professor em. Oxford University