ROP-eininga ønsker å tilby heilskapeleg oppfølging til pasientar med alvorlege psykiske vanskar og samtidig rusproblematikk.
Helse Bergen ved Divisjon psykisk helse og Avdeling for rusmedisin (AFR) har dei siste tre åra hatt ei stor satsing på å gi eit betre behandlingstilbod til ROP-pasientar. Dette er ei pasientgruppe som ofte fell mellom to stolar. Etableringa av ROP-eininga er eit viktig tiltak i denne satsinga.
Ved ROP-eininga i Dr. Martens-bygget er det planlagt åtte sengeplassar det første året, og ein auke til 16 plassar i andre fase.
ROP-eining for rus og psykiske lidingar
Kven er i målgruppa for døgnbehandling ved ROP-eininga?
Målgruppa til ROP-eininga er pasientar som har pasientrettigheiter i psykisk helsevern eller tverrfaglig spesialisert rusbehandling og er i målgruppa for ROP-forløp (saman.no/samhandling/samarbeid-om-pasienten/rop-forlopet). Vi vil prioritere pasientar som har fleire behandlingsforløp og har bruk for døgnbehandling med fokus på integrert behandling av samtidig rus- og alvorleg psykisk liding.
Kva tilbod vil det vere på ROP-eininga?
ROP-eininga har 8 sengeplassar lokalisert i Dr. Martens på Sandviken sjukehus området. Vi vil tilby integrert behandling med fokus på rus-, psykiske- og somatiske lidingar.
Avdelinga er godkjent for behandling etter lov om tvungen psykisk helsevern.
Avrusing vil kunne vere viktig fokus i fyrste del av behandlinga.
Vi tilbyr korttidsopphald på inntil 6 veker med fokus på stabilisering, avklaring og motivering.
Ordinære opphald vil vare frå 3-6 månadar der fokus på utgreiing og behandling er sentralt.
Vi vil tilby behandling etter modell av Integrated Dual Disorder Treatment (ROP - IDDT). Pasientens eigne mål og behov er sentrale for utforming av behandlinga. Kompetanse som vil vere sentralt for medarbeidarar ved ROP-eininga er Motiverande intervju, Traumebevisst praksis, EMDR og Kognitiv åtferdsterapi. Læringsgrupper, fysisk aktivitet og aktivitetstilbod vil vere sentrale i behandlingstilbodet. Sanserom lokalisert i døgnavdelinga vil kunne vere ein viktig del av behandlinga for våre pasientar.
Heilt sentralt for vårt tilbod er et tett samarbeid med andre tenester i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling, tenester i regi av kommune og frivillige. Dette for at våre pasientar skal få god oppfølging etter behandling, og raskt få tettare oppfølging ved forverring av rus- og psykisk liding.
Pårørande
Er du pårørande til pasient med samtidig rus og alvorleg psykisk liding?
Dersom pasienten er i behandling ved ROP- eininga vil vi tilby ein-familiegruppe tilbod.
Vi vil halde samlingar for pårørande som ynskjer å få meir informasjon og kunnskap om samtidige rus og psykiske lidingar. (dato kjem)(sjå lengre nede for oversikt over tilbod til pårørande)
Kontakt
Du kan nå oss på telefon 55 95 88 71eller sende oss e-post på ROP@helse-bergen.no
Tilvising
Pasientar kan sekundærtilvisast frå behandlar i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Dersom du ynskjer rettleiing eller hjelp i samband med ROP-forløp er det berre å sende oss ein e-post eller kontakte oss på telefon for ei drøfting.
Telefon 55 95 88 71 / e-post ROP@helse-bergen.no
Jobbe ved ROP-eininga?
Har du eit ynskje om vere med å utvikle eit tilbod for pasientar med samtidig rus og psykisk liding? Då ynskjer vi å høyre frå deg!
Vi har eit tverrfagleg fokus og ynskjer deg med kompetanse og erfaring frå rus og psykisk helse. Vi ynskjer representasjon frå faggruppene sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, erfaringskonsulent, musikkterapeut og idrettsterapeut/aktivitør. Synest du dette høyres spennande ut så ta kontakt.
Her finn du lenker til ledige stillingar ved ROP-eininga:
Nattevaktstillingar
Erfaringskonsulent
Sosionomar
Vernepleiarar / vernepleiar med vidareutdanning
Sjukepleiarar / sjukepleiar med vidareutdanning
Treng du nokon å drøfte vanskelege saker med?
Vi i ROP- eininga er opptatt av at pasientar med samtidig rus og psykiske lidingar får god integrert behandling. Vi veit av erfaring at dette ikkje alltid er lett å få til. Dersom du ynskjer å drøfte utfordrande saker høyrer vi gjerne frå deg.
Kan det vere at pasienten er i målgruppa for eit ROP-forløp? Kanskje vi veit om tenester som kan vere nyttige å tilby? Finst det ein ressursperson i ditt lokale ROP-nettverk som kan støtte deg?
Vårt mål er at ein ikkje skal kjenne seg åleine med utfordrande saker med samtidig rus og alvorleg psykisk liding.
ROP-forløpet i Helse Bergen-området
Pasientar som trenger oppfølging frå både psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling er i målgruppe for ROP-forløpet i Helse Bergen. Første steg er at ein held eit ROP-avklaringsmøte - mal (PDF) / ROP avklaringsmøte - mal i word (DOCX). Her blir det avklart kva behov pasienten har og kven som har ansvaret for å hjelpe pasienten med dette. Dette kjem tydeleg fram i felles plan, helst i form av individuell plan - sjå her for informasjon om individuell plan (IP).
Felles kriseplan for å førebyggje forverring, og plan for kven som følgjer opp ved forverring er viktig.
Hovudmålet er at pasienten skal få heile si integrerte behandling på ein stad. Dersom ein i ROP-forløpet er samde om at pasienten blir tilstrekkelig ivaretatt ved ei teneste i spesialisthelsetenesta aleine avsluttar ein ROP-forløpet.
Har du spørsmål om ROP-forløp tilrår vi at du tar kontakt med ressurspersonar i ditt lokale ROP-nettverk område. I ROP-nettverket har dei lokal kunnskap om korleis ein best samhandlar rundt pasienten i ditt lokalområde.
Dersom du har viktige innspel til ROP-forløpet kan du rette dei til ROP@helse-bergen.no
ROP-nettverk i Helse Bergen-området
Det er etablert eit ROP-nettverk i Helse Bergen sitt opptaksområde. Dette består av 6 lokale ROP-nettverk som er inndelt geografisk etter DPS-områda. Leiarane for dei lokale nettverka er samla i ei ROP-ressursgruppe som blir drifta ved hjelp av KoRus Vest Bergen. Dette sikrar lik kompetanse og lokal tilpassing for pasientsamarbeid rundt pasientar med samtidig rus- og psykisk liding.
Dei lokale ROP-nettverka har fire samlingar i året, der ei av samlingane har form av fagdag med breiare deltaking.
Her er oversikt over dei lokale ROP-nettverka:
- ROP-Betanien
- ROP-Bjørgvin
- Kontaktinfo leiarar
- Oversikt medlemmar:
- Arne Støldal
- Linn Therese Bigset
- Ressursar ROP-nettverk:
- ROP-Kronstad
- Kontaktinfo leiarar
- Oversikt medlemmar:
- Arne Iversen
- Garvik, Jartrud Elisabeth
- Ressursar ROP-nettverk:
- ROP-Solli
- ROP-Øyane
- Kontaktinfo leiarar
- Oversikt medlemmar:
- Line Solberg Berge
- Sture, Ine
- Bakke, Anita Ø
- Helgesen, Therese
- Ressursar ROP-nettverk:
- ROP-Voss
- Kontakt info leiarar
- Oversikt medlemmar:
- Ressursar ROP-nettverk:
Spørsmål?
Har du spørsmål til oss i ROP- eininga ta kontakt på e-post: rop@helse-bergen.no eller telefon 55 95 88 71.
Har du spørsmål knytt til ROP-forløp ta kontakt med ressursperson i ditt ROP-nettverk (sjå oversikt over).
Ressursar og nyttige lenker
Her finner du lenker til malar og nyttige ressursar for oppfølging av pasientar med samtidig rus og psykisk liding.
Har du tips til lenker eller viktig informasjon? Då set vi stor pris på at du sender oss en e-post: rop@helse-bergen.no
Saman.no – ein felles nettstad for samhandling mellom kommunar og sjukehus i Helse Bergen sitt foretaksområde.
ROP-forløpet: saman.no/samhandling/samarbeid-om-pasienten/rop-forlopet
Individuell plan (IP)
Ved behov for koordinator for IP er det nyttig med oversikt over dei koordinerande einingane (KE) i Helse Bergen foretaksområde.
Koordinerande einingar i kommunar - Helse Bergen (helse-bergen.no)
Kompetansetenester
- KoRus Bergen – Regionalt kompetansesenter innan rusfeltet
- NAPHA.no – nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid
- ROP.no – Nasjonalt kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk liding
- RVTS Vest – Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging
- Sifer.no – nasjonalt kompetansenettverk i sikkerheits- fengsels- og rettspsykiatri
Tilbod i kommunane
- Bergen kommune - Arna Aktiv. er eit rehabiliteringstilbod for personar med rusrelaterte utfordringar i Bergen Kommune. Arna Aktiv fremmar helse ved bruk av fysisk aktivitet i eit støttande fellesskap.
- Bergen kommune - Aktiv Vest. er eit aktivitetstiltak for ungdom mellom 18 og 30 år med rusrelaterte utfordringar. Økt fysisk, psykisk og sosial helse og deltaking i arbeid, utdanning eller frivillig arbeid er målet.
- Bergen kommune - Aktiv sør. er eit arbeidsretta tiltak for kvinner og menn over 18 år med rusrelaterte utfordringar. Målet er å gi deltakare som ønsker å komme ut i ordinært arbeid eller utdanning, tett og heilskapleg oppfølging og motivasjon til endring.
- Bergen kommune - Bergenhus Aktiv. er eit rusfritt aktivitetstilbod for Bergen kommune. Vi fremmer helse gjennom aktivitetar ute i naturen, trening og arbeid. Vi er et fellesskap som hjelper kvarandre videre i livet.
- Bergen kommune - Lavterskeltilbud til rusavhengige - MO-sentre . Mottaks- og oppfølgingssentre er ressurssenter for rusavhengige. Tenesta har som mål å betre livssituasjonen for personar med rusavhengighet ved å arbeide for å redusere fysiske, psykiske og sosiale skader som følger av avhengigheta.
- Bergen kommune - Gatelaget Brann. Gatelaget er et dagtilbod for rusavhengige i Bergen som liker å spille fotball og ha det kjekt i lag. Målet er en meiningsfylt og rusfri kvardag, med økt livskvalitet gjennom fellesskap og fysisk trening. Gatelaget kan også være en arena for arbeidstrening og eti steg nærmare ordinært arbeid.
Kommunale tilbod uavhengig av kor du bur
- Amalie Skrams Hus er et kreativt senter som blir styrt av brukarane, med en rekke tilbod innan skapande kunst og kultur.
- Fontenehuset er et rehabiliteringstilbod der me legg til rette for ein arbeidsorientert dag på huset, støtte til å finne jobb og til å komme ut i studiar.
- Kraftverksprosjektet tilbyr kunst- og kulturaktivitet.
- Psykiatrialliansen er et idrettslag som har et bredt spekter av aktivitetar på timeplanen kvr dag. Gå gjerne inn på facebooksidene for informasjon om aktiviteter.
Frivillig tilbod
- Blå Kors steg for steg (blakors.no). Tilbod til menneskjer med rusutfordringar og kriminell livsstil som treng støtte til å gjerne ynskja endringar i livet sitt. Deltakar lager sine eigne mål og aktivitetar, med støtte frå rettleiar og tidgivare.
- Røde Kors Døråpner. Døråpner er et aktivitetstilbod for menneskjer som ønsker å reetablere et liv etter en periode innanfor rus, soning eller psykiatri. I Hordaland har Bergen Røde Kors og Askøy Røde Kors denne aktiviteten.
Frivillige tilbod til brukare eller pårørande:
Bruker- og pårørandeorganisasjonar innan rus og psykisk helse
- A-larm Landsdekkande bruker- og pårørandeorganisasjon innan rusfeltet.
- ADHD Norge
- ATROP er en brukarorganisasjon og eit lågterskeltilbod til enkeltmenneskjer og familiar som har opplevd seksuelle, fysiske og psykiske overgrep/krenkelsar, eller som er pårørande, rusavhengig og/eller slitar med psykisk helse.
- Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse Landsomfattande ideell interesse- og brukarorganisasjon for pårørande innan psykisk helse.
- Ivareta - pårørende berørt av rus Norges største pårørandeorganisasjon av og for pårørande av rusavhengige.
- MARBORG Brukarorganisasjon på rusfeltet.
- Mental Helse Nasjonalt kompetansesenter for bruker- og pårørandekunnskap.
- Barn av rusmisbrukere Bruker- og interesseorganisasjon for born, i alle alder.
Rettigheter og juridisk hjelp
- Gatejuristen - gratis rettshjelp til folk som har eller har hatt rusproblemer - Kirkens Bymisjon
- ROP - Rettigheter. Nettsida gir ein oversikt over aktuelle rettigheitar for pasientar med rus- og psykisk liding.