Tilvising

Seksjon for alderspsykiatri

Avdeling alderspsykiatri behandlar pasientar over 65 år med komplekse lidingar samansatt av psykiatriske symptom, kognitiv svikt og somatisk sjukdom.

Kvinneleg lege. Foto
 

Kven kan tilvisast?

  • alvorlege psykiske lidingar debutert etter fylte 65 år
  • demens og alvorlege nevropsykiatriske symptomer (NPS). Alder >65 år er av mindre betyding.
  • uavklart demensdiagnose eller mistanke om kognitiv svikt på nevrodegenerativt grunnlag
  • ​alvorleg psykiatrisk liding frå tidligare, når samstundes somatisk sjukdom eller høg alder gjer alderspsykiatrien hensiktsmessig

Kven tilbyr spesialisert alderspsykiatrisk behandling?

I Helse Bergen HF sitt opptaksområde er det to instansar som tilbyr spesialisert alderspsykiatrisk behandling: ​Avdeling alderspsykiatri, Haukeland universitetssjukehus og NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus.

Avdeling alderspsykiatri vil spesielt ta i mot:

  • Alderspsykiatriske pasientar med omfattande somatisk sjukdom og samstundes behov for bistand frå somatisk spesialisthelseteneste.
  • Alderspsykiatriske pasientar med behov for innlegging og der det er sannsynleg at ECT-behandling vil vere ein del av tilbodet.​

Avdelinga kan også kontaktast ved behov for konsultasjon / rådgiving for alderspsykiatriske pasientar som er innlagde ved kommunale institusjonar og samstundes får ECT-behandling.

I tillegg til pasientgruppene over er det ei stor gruppe av dei alderspsykiatriske pasientane som vil få eit like godt tilbod ved begge institusjonane.

Innhald - Tilvising for alderspsykiatri (pdf)Rettleiar for tilvising - alderspsykiatrisk tilbod i Helse Bergen HF sitt opptaksområde (pdf)

NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus  

Pasienten kan søkjast direkte til seksjon med tilvising frå:

  • Fastlege
  • Sjukeheimslege
  • Sjukehusavdelingar og distriktspsykiatriske senter (DPS) i Divisjon psykisk helsevern
  • Somatisk spesialisthelseteneste

Internt i Divisjon psykisk helse gjeld rutinar for sekundærtilvising.

Avdelinga har ikkje øyeblikkeleg-hjelp-funksjon. Ved behov for øyeblikkeleg hjelp-innlegging i psykisk helsevern bør dette i all hovudsak skje ved døgnpostar i DPS eller eventuelt ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Pasientane blir då overført til Avdeling alderspsykiatri snarast mogeleg.​​

Tilvisinga sendast til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Psykiatrisk klinikk
Avdeling alderspsykiatri
Postboks 1400
5021 Bergen

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.