Pappa skal få ein behandling som heiter ECT. Du lurer kanskje på hva ECT er for noko? ECT er ei forkorting for «elektroconvulsiv behandling». Det ordet er så langt at dei fleste seier berre ECT- behandling.
Av og til kan Ada og Mathias bli sinte på pappa for at pappa er sjuk og ikkje vil leike med dei.
Ada kan og tenke at det er hennar skuld at pappa er lei seg, at Ada har gjort noko gale. Då trøystar mamma ho og seier at det er greitt å bli sint og lei seg, at pappa elskar Ada, og at det er sjukdomen si skuld at pappa er annleis. Ada og Mathias har ikkje gjort noko gale.
No skal pappa få hjelp til å rydde opp i dei triste tankane og bekymringane sine. Då må pappa vere på ei avdeling der det jobbar legar og sjukepleiarar som kan hjelpe pappa med å bli frisk. Pappa må sove der også. Ada og Mathias er heime med mamma. Det er rart at pappa ikkje er heime. Men Ada og Mathias kan få besøke pappa på avdelinga i lag med mamma.

Ein dag fortel mamma at legen til pappa har bestemt at pappa skal på sjukehuset. Han skal få ei behandling som kan hjelpe han å bli frisk. Ada synest det høyrest skummelt ut med sjukehus, og får vondt i magen. Mamma fortel at det er legar og sjukepleiarar som passar godt på pappa på sjukehuset.
Pappa skal få ei type behandling som heiter ECT, det kallast også for elektrostimulering. Pappa får først bedøving, og søv når han får denne behandlinga. Når han har sovna, får han elektrodar på hovudet som gir straum som skal hjelpe så han blir frisk. Behandlinga gjer ikkje vondt. Det synest Ada er bra, og klumpen i magen blir mindre.
Etter ECT må pappa kvile ei stund. Mamma fortel at det kan hende at pappa ikkje hugsar alt det som Ada og Mathias fortel han, men at det går over.
Ada og Mathias synest pappa er lenge vekke. Men det er godt å få besøke pappa på avdelinga. No smiler pappa av og til, og kan tøyse litt med dei igjen. Dei ler når pappa ikkje hugsar at dei skal i bursdagsbesøk til tante seinare i dag.
Snart er pappa ferdig med behandlinga på sjukehuset. Mamma fortel at pappa framleis vil trenge litt tid før han har fått igjen all energien sin. Det synest ikkje Ada er så rart. Mathias og Ada er glade for at pappa kjem heim igjen.
SLUTT
Takk til
Brukarpanelet ved Seksjon for ECT, Haukeland universitetssjukehus
Illustratør: Therese G. Eide
Heftet er Inspirert av brosjyren ”Når mamma er sjuk” frå UCL Ervervsakademi og Professionshøyskole i Danmark.