Øyane rehabiliterings­poliklinikk

Rehabiliteringspoliklinikken skal gi tilbod om rehabilitering og oppfølging for pasientar med alvorleg psykisk liding. Opptaksområdet er kommunane Askøy og Øygarden.

Les meir om Øyane rehabiliteringspoliklinikk

Øyane rehabiliteringspoliklinikk

Behandling på Rehabiliteringspoliklinikken er for pasientar over 18 år som har, eller kor det blir mistenkt at dei har, alvorleg psykisk liding som: 

 
  • Schizofreni 
  • Ulike typar psykose
  • Alvorleg affektiv liding
  • Psykosar /schizofreni med rusproblematikk 
  • Pasientane blir søkt til Rehabiliteringspoliklinikken via tilvising frå lege.

Behandlingstilbod

  • Diagnostisering : Utgreining: f. eks. ved mistanke om schizofreni blir det teke MINI, ev. PAI og SCID, PANSS, somatisk utgreiing via fastlege, anamnese, GAF og komperentinf.
  • Behandling
  • Samarbeide med dei kommunale helsetenestene
  • Samarbeide med aktuelle sjukehus/ institusjonar i Helse Bergen
Innanfor dei nemnde tilbodskategoriar vil det liggje eit individualisert behandlingsopplegg som blir justert i takt med behova til pasientane til ei kvar tid.

 

Seksjonsleiar

Vidar Dale

Kontaktinformasjon

Telefon
56 32 66 00
E-post
Blombakkane 75
Besøksadresse
Blombakkane 75(Kart)
5353 Straume

​Parkering​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Buss

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Praktisk informasjon

Mattilbod

​Øyane DPS har ikkje kiosk eller kantine. På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?