Øyane rehabilitering døgn

Seksjon rehabilitering døgn er ein open seksjon med 8 plassar, 6 korttidsplassar og 2 treningshyblar. Vårt opptaksområde er kommunane Askøy og Øygarden .

Les meir om Øyane rehabilitering døgn

Øyane rehabilitering døgn

Behandlinga er i hovudsak for pasientar med psykoseproblematikk som treng kortvarig rehabilitering eller avlastning for å meistre livet utanfor institusjon.
Opphaldet skal vere tidsavgrensa og ha ei klar målsetjing. Pasienten skal ha ei avklart utskrivingsadresse.
Vi tek berre i mot pasientar til frivillig opphald. Pasienten kan ikkje vere aktiv suicidal eller i behov for skjerming.

Behandlingstilbod

  • Miljøterapi 
  • ADL kartlegging og trening 
  • Struktur med fokus på døgnrytme 
  • Medisinvurderingar 
  • Planlagde, regelmessige opphald 
  • Pasienten vil ved innlegging få tildelt behandlar og miljøkontaktar. Det er ønskeleg at pasienten skal vere delaktig i utarbeiding av eigen behandlingsplan

Fysisk aktivitet 

Som ein del av behandlingsopplegget blir det under innlegging gitt anledning til å delta i fysiske aktivitetar som turgåing, ballspel, symjing og økter i treningsrom/studio. Det vil vere både individuelle- og gruppeopplegg i samarbeid med psykiatrialliansen.
Aktiviteten vil bli lagt opp slik at det skal vere mogeleg å overføre opplegget til kvardagen utanfor institusjonen. 


Samarbeidspartnarar

For å sikre pasienten best mogeleg behandling og oppfølging blir det arbeidd for å få til eit tett samarbeid mellom sjukehus, DPS og kommunen. 


 

Kontaktinformasjon

Telefon
56 32 66 00
Vaktrom 56 32 66 60
E-post
Blombakkane 75
Besøksadresse
Blombakkane 75(Kart)
5353 Straume

​Parkering​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Buss

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Praktisk informasjon

Mattilbod

​Øyane DPS har ikkje kiosk eller kantine. På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?