Prosjektorganisering

Prosjekt «Medikamentfrie behandlingsforløp for personar med psykoselidingar» er eit samarbeid mellom Helse Bergen og dei private ideelle DPSa i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Dette inkluderer Bjørgvin DPS, Kronstad DPS, Øyane DPS, Betanien DPS, Solli DPS og Voss DPS NKS Bjørkeli.

Prosjektgruppa er sett saman av sentrale fagpersonar (psykiatarar og psykologspesialistar) frå alle DPS og ein forskar, samt tre brukarrepresentantar (erfaringskonsulent, og leiarar av erfaringspanelet og brukarutvalet).

Leif Arvid Øvernes er prosjektleiar, og Anne Blindheim er tilsett i prosjektet som erfaringskonsulet.

Den lokale styringsgruppa blir leia av klinikkdirektør ved Kronstad DPS, Randi-Luise Møgster, og består av samtlege DPS-leiarar, Divisjon psykisk helsevern og to brukarrepresentantar.