Prosjektets bidrag

Her finn du ei oversikt over delprosjekt knytt til prosjektet «Medikamentfrie behandlingsforløp for personar med psykoselidingar».

Illness Management and Recovery (IMR)

IMR er eit recovery-basert behandlingstilbod for personar med alvorlege psykiske lidingar. Det består av 11 tema / modular, og byggar på prinsippa frå mellom anna kognitiv terapi, motiverande intervju og pedagogikk. Programmet vert vanlegvis gjennomført i grupper på 5-8 deltakarar, og går over eitt år. Pasientane set sjøl sine eigne mål for behandlinga, og får hjelp til å jobbe mot desse.

Margrethe Lillegaard er prosjektleiar for felles innføring av IMR. Kronstad DPS har allereie IMR-kompetanse, og vil rettleie dei andre fem DPS-ane, samstundes som dei sjølve utviklar rettleiingskompetanse. Kvart DPS utdannar fem terapeutar som startar to IMR-grupper per DPS frå januar 2018.

Samvalsverktøy

Brukarmedverknad føreset at pasientar kan gjere informerte val. Då må dei også ha tilgang til god informasjon om behandlingsalternativ, og kva fordelar og ulempar dei enkelte alternativa inneber. Vi skal få på plass ei nettside som presenterer informasjon om dei viktigaste behandlingsalternativa ved psykoselidingar. Løysinga skal understøtte pasientar og behandlarar når det gjeld å reflektere rundt kva som er viktig for den enkelte. Samvalsverktøyet vil vere tilgjengeleg til nasjonalt bruk ved utgangen av 2018.

Leif Arvid Øvernes leiar prosjektgruppa på oppdrag frå Helse Vest. Prosjektgruppa inneheld fagpersonar frå Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde, og ein erfaringskonsulent, og samarbeidar med «Mine behandlingsvalg» ved UNN.

Innføring av CheckWare

Vi treng systematiske data frå behandlingsforløpa for å lære om medikamentfri behandling. CheckWare er eit elektronisk fagsystem som hjelper oss å hente inn data frå elektroniske kartleggingsinstrument og spørreskjema. CheckWare er også til hjelp for både behandlarar og pasientar. Til dømes kan pasientar fylle ut skjema på mobil, nettbrett eller PC før dei skal til samtale, og behandlar får straks rapportar frå utfylte skjema.

Espen Handeland Øvrehus leiar innføringa av CheckWare ved alle seks DPS-ane. Nina Eltvik ved Seksjon for e-helse hjelper med utforming av skjema og dataoppsett. Helse Bergen har ein CheckWare-løysing som er integrert med DIPS. For dei private ideelle vil CheckWare inntil vidare ikkje vere integrert med DIPS, men ein løysing er under utvikling.

Systematisk tilbakemelding

Systematisk tilbakemelding har vist seg å ha ein monaleg effekt på både allianse og behandlingsutfall, og på å redusere talet på pasientar som droppar ut av behandling, eller opplever forverring gjennom behandlinga. I dette prosjektet bruker vi både INSPIRE og FIT (SRS og ORS).

Pasientar gir tilbakemelding på korleis dei opplever at samarbeidet fungerer, om dei opplever støtte på det som er viktig for dei, samt korleis dei har det. Dette gjer det mogleg å sjå om behandlinga går rett veg, og å fange opp forverring så tidleg som mogleg. Dette opnar for å snakke om samarbeidet, og kva som skal til for å gjere behandlinga enno meir meiningsfull for den enkelte.

Kvalitetssikring

Standardisert kartlegging

Alle medikamentfrie forløp blir evaluert regelmessig gjennom standardiserte verktøy. Dette inkluderer PANSS, GAF, CGI, AUDIT, DUDIT, INSPIRE, SRS, ORS. Fleire av desse inngår i pakkeforløpet.

I tillegg har vi utvikla eit eige skjema (MedFri) som samlar nødvendige pasientkarakteristika og prosessmål for evaluering av det medikamentfrie tilbodet. MedFri-skjemaet blir brukt ved start, kvar 6. månad og ved avslutning. Pre-skjemaet fungerer også som screeningverktøy og som sjekkliste for oppstart.

Regionalt kvalitetsregister

Data frå dei medikamentfrie forløpa må samlast for å kunne gjere statistiske analysar. Vi har konsesjon frå Datatilsynet for å opprette eit regionalt kvalitetsregister som samstiller forløpa frå alle seks DPS. Registeret er samtykkebasert, og nøkkelindikatorar for implementering og behandlingsutfall vert henta ut månadleg for alle DPS. 

Prosjektleiar Leif Arvid Øvernes er dagleg ansvarleg for registeret.

Brukarundersøking

Statistikk, kliniske erfaringar og vurderingar gir oss mykje kunnskap, men vi ønskjer også å få fram pasientar og pårørande sine opplevingar av medikamentfrie forløp.

Erfaringskonsulent Anne Blindheim skal difor intervjue pasientar og pårørande om deira erfaringar. Aktuelle problemstillingar og løysingar blir meldt regelmessig og anonymt til prosjektgruppa, og blir brukt til organisasjonslæring og vidareutvikling av tilbodet.

Brukar-spør-brukar (KBT)

Kompetansesenter for brukererfaring og tjenesteutvikling (KBT) i Helse Midt har fått i oppdrag å vurdere og samanstille dei ulike medikamentfrie tilboda i Noreg. Dei vil vurdere korleis vi har levert på oppdraget og protokollen, og korleis brukarane opplever av behandlingstilbodet. KBT vil gjennomføre fokusgruppeintervjuar, og melde resultata tilbake på ein dialogkonferanse.

Forsking

Kvalitativ forskingsstudie

Korleis opplever behandlarar og brukarar at dei får velje behandling? Dette vil etnolog og stipendiat Christine Ødegaard forsøke å svare på gjennom sin kvalitative doktoravhandling.

Studien vil gi kunnskap om brukaranes subjektive oppleving av medikamentfri behandling, gjennom bruk av kvalitative intervju, fokusgrupper og deltakande observasjon. Studien blir gjennomført i samarbeid med medforskarar frå Hvite Ørn og ei erfaringskonsulent frå Kronstad DPS.

Dette vil særleg kome pasientar og pårørande til gode som opplever at dei i dag ikkje har eit reelt behandlingsalternativ til antipsykotika. Studien vil på same tid belyse mekanismar og prosessar rundt korleis pasientar vel behandling.

Kvantitativ forskingsstudie

Korleis utviklar dei medikamentfrie behandlingsforløpa seg? Kva resultat kan ein forvente og korleis er desse samanlikna med dei som brukar antipsykotika? Dette er spørsmål som eit kvantitativt doktorgradsarbeid leia av psykiatar og professor Erik Johnsen vil finne svar på.

Kompetanseheving

​Konferansen «Psykosebehandling - med og utan medisinar»

Den 15. september 2017 samla konferansen 285 lokale fagfolk og leiarar frå alle nivå i sjukehus, DPS og kommune. Målet med konferansen var å leggje eit godt grunnlag for prosjektgjennomføring gjennom felles forståing for psykosebehandling, og etablering av eit fellesskap rundt utfordringar og moglegheiter med medikamentfrie behandlingsforløp og brukarmedverknad.

Lokale samlingar ved alle DPS

I etterkant av konferansen arrangerte vi halvdagssamlingar for alle tilsette ved dei seks DPS-ane, som fekk fram mange gode innspel om korleis medikamentfri behandling kunne innførast i praksis. Alle DPS vil i etterkant lage ein handlingsplan for innføring av medikamentfri behandling ved sitt DPS

Kurs

Vi planlegg ulike kurs utover hausten og våren 2018 for mellom anna opplæring i CheckWare, og innføring i nye rutinar og kartleggingsinstrument.

Kommunikasjon

Nyheitsbrev

I slutten av kvar månad sender vi ut eit nyheitsbrev med siste nytt frå prosjektet, relevante artiklar og nyheiter frå medikamentfri behandling nasjonalt og internasjonalt.  

Ønsker du å følge prosjektets utvikling?

Meld deg på vårt nyheitsbrev

Meir om prosjektet «Medikamentfrie behandlingsforløp for personar med psykoselidingar»Meir om medikamentfritt behandlingstilbod

Tilbake til prosjektsida

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.