Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Utsikt mot Ulriken og Bergen by sett fra Puddefjordsbroen. Foto

Medikamentfritt behandlingstilbod

Visste du at du har rett til å velje mellom ulike behandlingsmetodar?  Alle distriktspsykiatriske senter i Bergensområdet tilbyr ei rekkje ulike behandlingar for psykoselidingar, også for dei som ikkje ønskjer antipsykotika.

Kontakt

Eit medikamentfritt behandlingsforløp er eit recovery-basert tilbod for menneske med psykoselidingar, der målsetjinga er tilfriskning, primært gjennom ikkje-medikamentelle metodar. Behandlinga blir tilpassa den enkelte brukar, og inneheld ein kombinasjon av fleire kunnskapsbaserte metodar. Medikamentfrie forløp kan gjennomførast utan antipsykotika, samtidig med nedtrapping, eller etter avtale om å bruke antipsykotika ved behov, for eksempel i akutte fasar.

Kva er recovery?

Filosofien bak recovery er å leggje til rette for at alle kan leve tilfredsstillande liv. Ei grunnleggjande haldning i recovery, er derfor trua på at også dei med psykiske vanskar kan ha ein god og meiningsfull kvardag. Behandlar og brukar jobbar som likeverdige partnarar mot brukarens mål. Brukaren er ekspert på seg sjølv, og behandlar er ekspert på det faglege, og relasjonen vert basert på openheit og tillit. Målet er at brukaren får tilstrekkeleg med kunnskap, ferdigheiter, nettverk og støtte til å ta ansvar for eige liv.

Les meir om recovery

Professor Mike Slade om recovery

For menneske som får ei psykoseliding, er det anbefalt å prøve ut eit antipsykotisk medikament. Nokre brukarar oppnår likevel ikkje ønskt effekt, eller dei kan oppleve at biverknadar står i vegen for eigeninnsatsen som trengst for å bli betre. Fleire brukarar fortel at dei har opplevd å ikkje få eit reelt behandlingsalternativ utan antipsykotika.

Det medikamentfrie behandlingstilbodet skal synleggjere at det finst alternativ, og gje struktur og kvalitetssikring for best mogleg behandling. Reell brukarmedverknad kan fremje eigarskap til behandlinga, styrkje samarbeidet med helsetenesta, og leggje til rette for betre liv.

Det medikamentfrie behandlingstilbodet gjeld for deg som vil redusere eller avslutte bruk av antispykotika. I tillegg må behandlar i spesialisthelsetenesta vurdere det som forsvarleg. Dette inneber blant anna at du ikkje er i fare for deg sjølv eller andre, og at du forstår kva konsekvensar valet inneber. Medikamentfri behandling skal vere frivillig, og du må gjere ein aktiv eigeninnsats i behandlinga.

Behandlingstiltaka er tilgjengelege for alle med ei psykoseliding, medan dei brukar medikament eller ikkje. Også menneske under tvungent psykisk helsevern har rett til å bli høyrt, og å medverke i eigen behandling.

Vi tilbyr psykososial behandling som er anbefalt i nasjonal retningslinje for psykose. Behandlingsplanen vert laga av deg og behandlaren din, og de jobbar saman mot felles målsettingar. Ulike behandlingsformer kan vere ein del av behandlinga, mellom anna:

  • Kognitiv åtferdsterapi er ein samtalemetode der vi undersøker samanhengen mellom tankar, kjensler, kroppslege reaksjonar og åtferd. Samtalebehandling kan vere svært nyttig for mange som opplever psykosar. Det vil kunne gje ei betre sjølvforståing og vere ein del av ein tilfriskningsprosess. Kognitiv terapi kan mellom anna redusere ubehag knytt til høyrselshallusinasjonar, og redusere angst og depresjon.
  • Illness Management and Recovery (IMR) er eit gruppeprogram der du jobbar mot eigne målsettjingar, og lærer å meistre vanlege utfordringar ved psykisk sjukdom. Arbeid i grupper legg til rette for sosial trening og læring av andre sine erfaringar.
  • Musikkterapi tek utgangspunkt i dine eigne interesser og ressursar. Du kan jobbe individuelt eller i gruppe med ulike musikkaktivitetar. Du treng ikkje å kunne spele eller syngje frå før.
  • Individuell jobbstøtte (IPS) er ein metode der jobbspesialistar hjelper menneske med psykiske helseproblem med å skaffe og halde vanleg, lønna arbeid. Metoden byggar på ideen om at alle kan jobbe dersom ein finn rett type jobb og arbeidsmiljø.
  • Familiesamarbeid fremmar god kommunikasjon, og bidreg til at dine pårørande får ei betre forståing for situasjonen og vanskane dine, slik at dei betre kan støtte deg i behandlinga.
  • Fysisk aktivitet og sunne levevanar bidreg til god fysisk og psykisk helse. Fysisk aktivitet kan også vere ein måte for å handtere symptom frå psykoselidinga, og det kan gje betre humør, motivasjon, interesse, og livskvalitet, og redusere depresjon, angst og psykosesymptom.

Høyr med behandlaren din. Det vil ofte vere best å vente til du er i ein stabil situasjon, og å starte i samråd med ein behandlar som følgjer deg over lenger tid. Då er det lettare å leggje ein felles plan for korleis du kan meistre symptom og utfordringar, og du har meir overskot til å jobbe aktivt med eiga tilfriskning. Eit godt grunnlag frå denne fasen, kan redusere behovet for medikament ved seinare innleggingar.

Hugs at nedtrapping av antipsykotika alltid skal skje i samråd med behandlar. Om ein sluttar å ta medisinar brått og utan støtte, kan det gi uheldige og alvorlege verknadar.

Dersom du er til behandling ved Bjørgvin DPS, Kronstad DPS, Betanien DPS, Solli DPS, Øyane DPS eller Voss DPS skal du diskutere eit medisinfritt tilbod med behandlaren din.

Kontaktinformasjon til dei ulike DPSa

Om du ikkje allereie har kontakt, kan du be fastlegen din tilvise deg til næraste DPS. Alle DPS i Bergensområdet tilbyr medikamentfrie behandlingsløp. For personar utanfor opptaksområdet, er det mogleg å søke gjennom fritt sjukehusval, men sidan behandlingsløpa i hovudsak er polikliniske bør du bu i nærleiken.


Medikamentfrie behandlingsforløp: Sluttrapport fra prosjektet (PDF)

Medikamentfrie behandlingsforløp: Brukarundersøking om behandling av psykosar i Bergen (PDF)Sluttrapport for brukerundersøkelse - Prosjekt for medikamentfrie behandlingsforløp for psykose (PDF)

Sist oppdatert 19.09.2021