Strukturert poliklinisk dagtilbod

Vi kallar dagtilbodet vårt for «Dag 1». I dette tilbodet legg vi vekt på stabilisering og tilbyr ein intensiv behandlingsstruktur 3 dagar i veka.

Dag 1 fungerer ofte som eit alternativ til døgninnlegging, eller som ei forlenging av døgnopphald. Dette er eit strukturert tredagars program med stor grad av støtte og mykje aktivitet. Varigheit er 4-6 veker.
Gruppebehandlinga har fokus på stabilisering, struktur, samtale, trening, meistring og gjenopptaking av aktivitet.

Viktige element i dagtilbodet er hurtig vedtak om inntak, gruppeterapi, fast struktur, tydelege rammer, og støttande behandlingstilnærming. Fokus er retta mot pasientens moglegheiter og ressursar, og ein har stor fleksibilitet i metodebruk og terapeutisk haldning.

Kroppsorienterte grupper (trening / bevegelse / tur) utgjer ein sentral del av behandlinga. Ein hjelper pasientane til å utfordre seg sjølve i passande dosar, og eksponering er eit berande element.

Gruppetilboda er fastlagde gjennom veka, og ein treffer igjen dei same personane i dei ulike gruppene. Nokon har individuelle tiltak utover gruppetilbodet, mens andre kun har individuelle tiltak med fokus på fungering i heimen og nærmiljøet.

Program for Dagbehandling 1

Fann du det du leita etter?