Tidleg intervensjon

Kompetansenettverket skal arbeide for å auke, utvikle og koordinere kompetansen/arbeidet i forhold til barn i alderen 0-6 år med diagnose autisme og nødvendige intervensjonar knytta til alle barna i helseregionen sine opplæringsbehov.

​Kompetansenettverk for tidlig intensiv opplæring basert på anvend åtferdsanalyse (TIOBA) for førskulebarn med autisme blei oppretta i Helse Vest i 2010.

Nettverket består av tilsette frå Autismeteam i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Barnehabiliteringstenesta i Helse Førde og førstelinjetiltak der tidleg intervensjon er organisert via førstelinjetjenester. Dette er alle einingar som skal eller som ønskjer å tilby TIOBA-oppfølging til førskulebarn med autisme. 

Regionalt fagmiljø støtter og koordinerar nettverket. Deltakarane møtast regelmessig for å diskutere praksis og særlege faglege utfordringar knytt til det kliniske arbeidet, initiere felles fagutviklingsprosjekt, samt utarbeide felles retningslinjar og standardar for tidlig intensiv innsats for førskulebarn med autismespekterforstyrringar.

Kompetansenettverket har arrangert ca. halvårlege temasamlingar/kurs for tidleg intervensjonsmiljø (1. og 2. linje) i Helse Vest. Etter ønske fra nettverket er det i perioden 2014/2015 prioritert omfattende opplæring i Pivotal Response Training (PRT) for 6 av deltagerene i nettverket. Dette vil sikre at samtlige HF områdes i Helse Vest får fagpersonar som har kompetanse i denne tilnærmingen. 

I august 2012, vart det gjort vedtak om at ein ville etablere ein nasjonal arbeidsgruppe og eit fleirregionalt TIOBA-nettverk som har samlingar ein gong i året. Spesialkonsulent Janne Mari Akselsen frå BUPA, Autismeteam i Helse Stavanger,  representerer Helse Vest i den nasjonale arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa skal utarbeide forslag til faglig standard for TiOBA i Norge. Aktiviteter i forbindelse med dette arbeidet støttes av RFM og selve oppdraget er forankret på ledernivå i de fire regionale fagmiljøene.

Kontaktperson: unni.sagstad@helse-bergen.no 

Aktuelle linkar