Nevropsykiatrisk konsultasjonsteam

Nevropsykiatrisk konsultasjonsteam for vaksenfeltet i Helseregion Vest Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi Helse Vest (RFM) vil i samarbeid med fagpersonar i Helse Bergen tilby konsultasjon i kompliserte og samansette nevropsykiatriske pasientsakar.

 

Det nevropsykiatriske konsultasjonsteamet tilbyr drøfting av pasientsaker og rettleiing til behandlarar der det føreligg utfordringar knytt til diagnose og / eller behandling - som ein hovudregel knytt til ein eller fleire av dei følgande diagnosane: ADHD, Tourettes syndrom, autisme og narkolepsi. Saker kan meldast inn frå pasientansvarlege i spesialisthelsetenesta i samtlege HF-område i Helse Vest.

Teamets faste medlemmer

  • Overlege/professor Ole Bernt Fasmer
  • Overlege/PhD Anne Halmøy
  • Overlege Ellen Haukenes Tvedt
  • Overlege/Professor Jan Haavik
  • Nevropsykolog Bente Ubostad

 

Foreløpig møteplan høst 2016

  • Første møte er 30.september
  • Øvrige datoer vil bli lagt ut når de er fastsatt.

 

Arbeidsmåte

Teamet tilbyr saksdrøftingar basert på anonymisert pasientinformasjon. Saksansvar og ansvar for eventuell dokumentasjon frå kontakt med teamet ligg hos den som har pasientansvar i saka. Pasientansvarleg kan sjølv møte fram i møtet eller drøfte saka med teamet via telefonmøte eller videokonferanse. Reiseutgifter, dersom pasientansvarleg vil benytte seg av moglegheita til personleg frammøte, dekkast av den eininga der pasientansvarleg har sitt arbeidsforhold.

Korleis få ein sak tatt opp i teamet?

Ønske om konsultasjon med teamet meldast til Bente Ubostad på tlf 55 97 45 94 / 46 42 31 55.

Ønske om saksdrøfting kan også meldast ved å sende e-post til bente.ubostad@helse-bergen.no med beskjed om at ein ønsker kontakt for drøfting. E-posten må opplyse telefonnummer til den som skal kontaktast. Ubostad vil då ta kontakt for meir informasjon. Det skal ikkje sendast pasientopplysningar per e-post. Informasjon om saka må skje gjennom telefonsamtale.

Etter samtalen vil det avklarast kva form saksdrøftinga i teamet skal ha:

  • Pasientansvarleg møter opp i teamets møtetid: Pasientansvarleg får tildelt tidspunkt for møte med teamet og legg fram saka for teamet.
  • Telefonmøte / videokonferanse: Det blir ordna med oppsett for dette forut for møtet og det blir sendt informasjon med detaljer for dette per e-post eller telefon til den som har meldt inn sak.
  • Behov for annen kompetanse inn i teamet for vurdering i enkeltsaker: Ved behov vil teamet om mogeleg kunne hente inn andre fagpersonar i teamets møte dersom det kjem inn saker der teamets medlemmer vurderer at det er behov for dette.

Ved spørsmål, ta kontakt med Bente Ubostad

Telefon: 55 97 45 94 eller mobil 46 42 31 55
E-post: bente.ubostad@helse-bergen.no