Tilbakefall og ikkje-respons

Dagens behandlings tilnærmingar har vist seg å vera nyttige for dei fleste av våre pasientar, og i ein forskingssamanheng er det spesielt viktig å fokusera på dei som ikkje blir tilstrekkeleg hjelpt.

Sittegruppe interiør. Foto 

I den nasjonale studien får alle OCD-pasientar i Noreg som anten har hatt tilbakefall etter verksam behandling, eller pasientar som ikkje har fått den ønskte effekten av kunnskapsbasert behandling, eit høve til å vera med på den konsentrerte og skreddarsydde gruppebehandling (cET) som har vorte noko av kjenneteiknet til OCD-teamet i Bergen.

Denne tilnærminga har òg vist seg å vera nyttig òg for pasientar som tidlegare har prøvd ulike behandlingar, inklusive eksponeringsbehandling.

Ekspertar på firedagars tilnærminga vil reise rundt til dei ulike OCD-teama i landet og delta i sjølve behandlinga.

I tillegg til at alle vil få delta i firedagars behandlinga, vil pasientane to av dei fire behandlingsdagane trekke lodd om enten få eit medikament som i ulike studium har vist seg å bidra t​il å styrkja behandlingseffekten (D-cyloserine), eller til placebo.

Studien er finansiert av Noregs forskingsråd, og helseføretakane har gjeve studien høg prioritet.​

​Ønskjer du å delta i studien?​​