Ny behandlingsmetode ved alvorlege angst- og tvangslidingar

Det hender at nokre av pasientane med alvorlege angst- og tvangslidingar har avgrensa effekt av dagens behandling.

Gruppebilde OCD-team og helseminister Bent Høie. Foto
 

Denne gruppa representerer store menneskelege lidingar og er òg klårt ei utfordring for helsevesenet.  Fordi ein i Noreg no har bygd opp eit landsdekkande, kvalitetssikra behandlingstilbod for pasientar med tvangsliding (OCD), er vi i ein unik situasjon som gjer at vi på ein heilt ny måte kan studere både tilbakefall og pasientane som ikkje har respons.

Det har difor vore eit felles ønske frå fagmiljø og pasientorganisasjonar å bruke dette gylne høvet til å sette fokus på denne pasientgruppa på ein måte som aldri har aldri vore gjort før.

Ny behandlingstilnærm​ing​

I OCD-teamet i Helse Bergen har dei utvikla ei behandlingstilnærming som hjelper folk å bli kvitt angst og tvangstankar på berre 4 dagar (cET) . Modellen kan vere spesielt godt eigna for pasientar som ikkje har hatt effekt av anna behandling.

Årets nyvinning: Intensiv OCD-behandling - artikkel på psykologisk.no 24.01.15

Internasjonale forska​​​rar​​​

Saman med dei internasjonale fremste forskarane på feltet skal pasientar som ikkje har hatt nytte av, eller fått tilbakefall etter standard kunnskapsbasert behandling, bli spurde om å delta i ein nasjonal studie. 

Gjennom studien vil det bli undersøkt om effekten av den psykologiske behandlinga kan stabiliserast ved at ho blir kombinert med eit antibiotikum som overraskande har vist seg å styrke effekten av psykologisk behandling. 

Medikamentet har ikkje nokon angst- eller urodempande effekt i seg sjølv – effekten ligg i at det styrker verknaden av psykologisk behandling når det blir gitt i kombinasjon med denne. Sidan behandlinga er så konsentrert skal medikamentet berre bli gitt i lavdose dei to dagane som pasientane jobbar konsentrert saman med terapeut for å snu dei fastlåste tanke- og handlingsmønstra.

Tvangsliding f​ørst ut​​​

I første omgang er det pasientar med tvangsliding som skal få tilbod om deltaking, men det er planar om å utvide til pasientar med andre alvorlege angstlidingar også. Ein vil òg studere ulike biomarkørar som DNA og RNA hos pasientane med desse lidingane. 

Kan få stor betydning

Prosjektet inneber ikkje berre at fleire får tilbod om den konsentrerte angstbehandlinga, men om forskarane har rett, vil kombinasjonen med antibiotikumet kunne få stor betydning for dei mest alvorleg ramma pasientane. 

Studien vil òg vere eit betydeleg bidrag til å samle og legge til rette for vidare fagutvikling av kunnskapsbasert behandling, og til å styrke fagmiljø som er gjort i stand til å levere kvalitetssikra tenester.​