Kva er tvangsliding?

På engelsk blir lidinga kalla Obsessive Compulsive Disorder (OCD). Dei vanlegaste tvangshandlingane er vasking og smitteblokkering, sjekking og kontrollering, telle og orden- /symmetriritual, samt aggressive og seksuelle tvangstankar.

Person vasker hender. Foto
 

Personane som blir råka veit at det dei tenker eller gjer er «dumt», men dei berre må. Ofte har dei som er ramma av OCD stor skamkjensle og held det mest mogeleg skjult for omgivnadane, derfor kallast lidinga ofte for «den skjulte lidinga». Dei fleste som har ei tvangsliding / OCD har både tvangstankar og tvangshandlingar.

Tvangstankar er gjennomgåande og vedvarande tankar eller tankebilete, impulsar eller fantasiar. Desse tankane tek overhand og vert opplevd som meiningslause. Dei er årsaken til kraftig angst, ubehag, isolasjon og i verste fall funksjonshemming.

Tvangshandlingar ​​​vert utført for å hindre ubehag eller ei frykta hending. Nokon har berre ei kjensle av at dei må gjere ting utan at dei veit kvifor. Desse vert ofte utført som bestemte ritual, i bestemte mønster, og kan for personar som er alvorleg ramma ta enormt med tid.

Det finst hjelp​​

Behandlinga som har vist seg å ha effekt for dei aller fleste pasientane heiter eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP) saman med kognitiv terapi.​

Til tross for at dette er ei effektfull behandling, har den vore lite tilgjengeleg for pasientane. Haukeland universitetssjukehus har no eit OCD-team, der personar som lid av tvang kan få utgreiing og tilbod om behandling.​