Kavli tar 4-dagars formatet til barn og unge

Alvorleg angst kan med rette kallast "dei unges liding". Halvparten av behandlingstrengande pasientar med angstlidingar blir ramma i tenåra, og meir enn 75% før dei fyller 25 år.

 

​Utan riktig behandling, blir lidinga ofte kronisk, med omfattande funksjonsnedsetting som gjennomsyrer kvardagen. Dette blir reflektert i blant anna at pasientar med angstlidingar er overrepresentert i det aukande antall unge som blir uføretrygda i Noreg.

Det er typisk at dette ikkje berre rammar den einskilde, men også familie og nettverk. Lidingane utgjer til saman med depresjonar dei hyppigaste og mest ressurskrevande lidingane i den polikliniske spesialisthelsetenesta, og dei menneskelege og sosioøkonomiske gevinstane for kvar einaste som kan hjelpast er enorme.

Då verksam behandling for tvangslidingar blei utvikla på 60-talet var det ein liten revolusjon: Pasientar som fagfolk tidlegare sto hjelpelause overfor, kunne få tilbake livet sitt. Etter to-tre månader på sjukehus etterfølgt av 1-2 år med vekentlege polikliniske samtalar kunne om lag 60% vente ei klinisk relevant betring. Sterkt forankra i denne tilnærminga har vi utvikla ei behandling der den same pasientgruppa blir frisk på fire påfølgande dagar.

Behandlinga er svært etterspurt av pasientar, pårørande og behandlarar, og for vaksne er vi i ferd med å spreie behandlinga nasjonalt og internasjonalt. Først til pasientar med tvangsliding, og no til pasientar med andre angstlidingar og med depresjon.

På mindre enn 4 år har vi vekse frå idé, til innovasjon, til dokumentasjon - og så til forskingsfront. No er vi klare til å gjere det same for barn og unge, som er dei som treng det mest.

Utfordringa? For å gjere dette må vi vere entreprenørar på tvers av helseføretak; vi må bygge infrastruktur og rigge for varig drift - og for konkurranse om forskingsmiddel.

Takka vere middel frå Kavlifondet kan vi starte dette arbeidet. I løpet av dei neste to åra er målsettinga at team i alle helseføretaka skal kunne tilby 4-dagars formatet for barn og unge. Først for OCD, men også for andre angstlidingar. I tillegg har vi ambisjonar om å bygge opp 4-dagars team for barn og unge i Sverige.