Genetiske faktorar ved tvangsliding

Samstundes som OCD er ei liding som lèt seg behandla, er det mykje som tyder på at vi er fødd med ulik sårbarhet for å utvikle ei tvangsliding.

Interiør Laboratoriebygget. FotoBakgrunn​​​

​​Tvillingstudiar tyder på at menneske er fødd med ulik sårbarhet for å utvikle tvangsliding. No er det teknologisk mogeleg å byrje å leite etter gen​ som er forbunde med ein sårbarhet for å utvikle OCD, men førebels er det ikkje bygd opp store nok databasar som gjer det meiningsfullt å leite etter spesifikke gen. Saman med dei fremste internasjonale ekspertane vil vi opprette ein nasjonal database for gen-materiale frå personar som opplever tvangs- og angstlidingar. Dette forskingsprosjektet ønskjer å belyse kva for genetiske faktorar som er forbunde med det å ha ein tvangs- eller angstliding, og som òg gjer det mogeleg å undersøkje om nokre genetiske faktorar endrar seg etter behandling.​

​Genetisk kartlegging av tvangslid​ing

Forsking viser at nokre familiar har meir opphoping av desse vanskane enn andre, men vi veit i dag svært lite om kvifor det er slik. Dette forskingsprosjektet ønskjer å belyse kva for genetiske faktorar som er forbunde med det å ha ein tvang- eller angstliding, og korleis desse påverkar behandlinga.

Deltaking​​​

Deltakarar vil få tilbod om å ta ei blodprøve eller spyttprøve som kan lagrast i ein biobank​. Frå denne biobanken kan forskarar hente ut genmaterial til store forskingsprosjekt. Studien blir gjennomført i tråd med dei krav som blir stilt av norske og internasjonale styresmakter. Regional Etisk komité for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (REK) har vurdert og godkjent studien "Biobank for angstlidelser og OCD".

Med oss på denne studien har vi blant anna førsteamenuensis Jim Crowley​, som forskar på genetikk ved University of North Carolina, Chapel Hill​.​​​