Behandling ved tvangsliding

Du må bestemme deg. Inga behandling hjelper om du ikkje sjølv tek eit val om at du vil bli kvitt lidinga.

Samtalerom Kronstad DPS. Foto
 

Dette inneber behandlinga

  • I løpet av dei første gongene du og terapeuten din møtest, vil du få forklart behandlinga i detalj, og det vil leggast ein plan. For å få god effekt av behandlinga er det viktig at du har tatt eit aktivt valg om å bli kvitt lidinga, og at det ligg til rette for å sette av tid til behandling. 
  • Før behandlinga startar, vil du gå gjennom ei grundig utgreiing. Hensikta med denne er å finne ut korleis akkurat din tvangsliding ser ut, samt undersøke om noko står i vegen for å gi deg god og skreddersydd behandling.  
  • Dei fleste som får behandling hos oss, mottar firedagers intensivbehandling gitt i gruppeformat. Denne behandlinga har vist seg å være svært god, og over 400 pasientar har til no fått den.
  • Gjennom behandlinga vil OCD-terapeuten fungere som ein personleg trenar som gir deg konkret hjelp til å gjennomføre behandlinga på den måten som vil vere mest effektiv og nyttig. Dette innebærer at terapeuten vil være med i de sammenhenger der tvangen utspiller seg. Du vil i starten få svært tett oppfølging, for deretter å gradvis arbeide meir sjølvstendig. 
  • Det er ofte også av stor verdi at dei som står deg nærmast er grundig informert om, og innstilt på behandlinga. Dersom du allereie får behandling for andre psykiske lidingar enn tvang, vil du framleis kunne følgast opp av din vanlege terapeut for desse lidingane når OCD-behandlinga er avslutta.

Kva må til for at behandlinga skal hjelpe?​

Det må vere plass i livet ditt. Skal behandlinga hjelpe, må den føregå på riktig måte og i riktig dosering. Det tyder at behandlinga må vere hovedfokus i dei vekene du er i behandling. Ofte vil dette innebere at du bør ta ei gradert sjukemelding – i alle fall i starten.

Vi kvalitetssikrer behandlinga. Vi innhentar informasjon om behandlinga på fleire måtar, til dømes ved å nytte intervju og spørreskjema. Kvalitetssikringa er til for at du som pasient skal få skreddarsydd behandlinga til dine behov, og gir oss høve til å kunne sjå nærare på om det vi gjer verkar. Dette er grunnlaget for forbetring og framgang i behandlingsmetoden.​ Du får meir informasjon om dette i første time.

Kven er behandlarane?

Gruppebilde OCD-behandlarar. Foto 

Møt behandlarane ved OCD-teamet


 

​Gerd Kvale
Professor og psykologspesialist
​Bjarne Hansen
Førsteamanuensis og psykologspesialist
​Tore Børtveit
Psykologspesialist
​Espen Handeland Øvrehus
Psykolog
​Anneli Sund Martinsen
Psykolog
​Maren Aagaard Sjøøsten
Psykolog
​Audun Havnen
Stipendiat og psykolog
​Solvei Harila Skjold
Psykolog
​Hans Hansen
Psykolog