Våre forskingsprosjekt

Her finn du ei oversikt over forskingsprosjekt tilknytta OCD-teamet i Bergen.

 

Den nasjonale OCD-studien

Håp til dei som treng det mest, når det gjeld som mest. Det beste innan psykologi kombinert med det mest lovande innan farmakologisk behandling. Her presenterer vi den største pågåande nasjonale behandlingsstudien innan psykisk helse.  

Les meir om den nasjonale OCD-studien


Hjerneavbildningsstudien

Sjølv om vi har god forståing av korleis ei tvangsliding kan utvikla seg og haldast ved like, er det framleis mykje vi ikkje veit om korleis hjernen omarbeider informasjon som har tilknyting til tvangsliding. I denne studien ønsker vi ved hjelp av hjerneskanning (MR) å studere kva som skjer i hjernen som følgje av behandlinga.

Les meir om hjerneavbildingsstudien 


Genetisk kartlegging av tvangsliding

Samtidig som OCD er ei liding som let seg behandle, så er det mykje som tyder på at vi er fødd med ulik sårbarheit for å utvikle ei tvangsliding. Vi har eit forskingsprosjekt der vi ønsker å belyse kva slags genetiske faktorar som er forbunde med tvangs- og angstlidingar.

Les meir om genetisk kartlegging av tvangsliding 


Søvn hos pasienter med tvangslidelse (OCD)

Dårlig søvn kan påvirke symptomer og plager, og symptomer og plager kan påvirke søvnen. Til tross for at OCD er en lidelse som ofte påvirker store deler av hverdagslivet, vet vi lite om tvangslidelse og søvn. I dette prosjektet kartlegger vi søvnmønster og søvnplager hos pasienter med tvangslidelse for å undersøke om det er noen sammenheng mellom søvnmønster og behandlingsutfall.

Les meir om søvnstudien


Kavli tar 4-dagarsformatet til barn og unge

På mindre enn 4 år har vi vekse frå idé, til innovasjon, til dokumentasjon - og så til forskingsfront. No er vi klare til å gjere det same for barn og unge, som er dei som treng det mest. Middel frå Kavlifondet vil bidra til opplæring og sertifisering av klinikkar på barnesida. 

Les meir om 4-dagarsformatet til barn og unge