Tilvisingsrutinar til OCD-teamet Helse Bergen

Pasientar som ønskar / er aktuelle for 4-dagers behandling, tilvisast av fastlege / annan aktuell tilvisande instans til lokalt DPS.

Lokalt DPS gjer ei vurdering av pasientens rettar og kan overføre behandlingsansvar (sekundærtilvise) til OCD-team ved mistanke om tvangsliding.

Sidan OCD er ei liding som må behandlast i pasientens heimemiljø, vil OCD-teamet i Bergen tilby behandling til pasientar i Hordaland, og pasientar frå andre stader i landet vil motta si behandling frå eit av dei andre OCD-teama. OCD-teamet vil i etterkant av tilvising vurdere om kritieria for i tvangsliding er tilstades, og tilby behandling om det er aktuelt. 

Tilvisinga bør innehelde informasjon om varigheit av lidinga, aktuell tematikk for tvangstankar og tvangshandlingar og i kva grad dei påverkar funksjonsnivå / dagleg tidsbruk. 

Nokre tilstandar gjer at behandling ikkje kan gjennomførast på det aktuelle tidspunktet, men må utsettast til forholda ligg betre til rette. Dette inkluderer blant anna aktiv bruk av rusmidlar, aktiv fase av psykose, i mani, svært høg suicidalfare.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.