Sertifiserte klinikkar

Det er kun klinikkar som har fått opplæring og er sertifisert som kan tilby behandling i 4-dagarsformatet.

Dersom du får tilbud om 4-dagars behandling for OCD eller andre lidingar på klinikkar som ikkje står på denne lista, anbefaler vi deg som pasient å etterspør om klinikken er sertifisert, og å be om dokumentasjon på resultatet. På denne nettsida vil du til einkvar tid finne ei oppdatert liste over team som er sertifisert, og om du er usikker er det fint om du tek kontakt med OCD-teamet i Helse Bergen på telefon 55 95 60 60.

Dei følgande klinikkane er per no sertifiserte opplæringsklinikker for behandling av tvangsliding av vaksne:

  • OCD-teamet Helse Bergen 
  • Gaustad Sykehus, angst og tvangspoliklinikken 
  • Nidaros DPS – Trondheim 
  • Kristiansand – Solvang DPS 

Dei følgende klinikkane er per no sertifisert for behandling av tvangsliding hos barn:

  • BUP Øyane, Bergen

Dei følgende klinikkene er under opplæring i 4-dagersformatet for tvangsliding, og vil kunne tilby det:

  • Vaksne: Molde, Førde, Vestfold, Telemark, Vestre viken, Innlandet, Tromsø
  • Barn: Stavanger, Tromsø, A-Hus, Førde, Innlandet, Vestre viken, Haugesund, Ålesund

Det foregår også ei opplæring av klinikkar som ønskjer å tilby 4-dagarsformatet for panikkliding og sosial angstliding.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.