Opplæring og sertifisering

For å tilby 4-dagarsformatet kreves det ein formell avtale på klinikk / avdelingsnivå, opplæring av behandlarar og sertifisering.

 

For nye klinikkar 

Det er OCD-teamet i Helse Bergen ved Gerd Kvale og Bjarne Hansen som er ansvarleg for sertifisering.

For å sikre robust og kvalitetssikra spreiing av 4-dagersformatet kan klinikkar som ønskjer å gi dette tilbudet inngå ein avtale med OCD-teamet i Helse Bergen som spesifiserar krav til den enkelte terapeut, til sjølve behandlinga og til den integrerte kvalitetssikringa.

Aktuelle klinikkar kan kontakte Gerd Kvale for informasjon om sertifisering.

For klinikkar med avtale

Hospiteringsplassar hos opplæringsklinikkane kan bookast.

  • Kursdatoer innføring i 4-dagersformatet 2017 er 6.-7. september og 2.-3.november. Det er kun behandlarar ved klinikkar med avtale som har anledning til å delta på kursa.

Innlogging til behandlarside og oppdaterte manualar

Opplæringsklinikkar

OCD-teamet i Helse Bergen, angst- og tvangspoliklinikken ved Gaustad DPS og Solvang DPS i Kristiansand er opplæringsklinikkar i 4-dagarsformatet. Det innebærer at hospitering kan foregå ved ein av desse klinikkane.