Kvalitetssikring

Ein hjørnestein i kunnskapsbasert behandling

Vi i OCD-teamet er oppteke av å gje best mogleg helsehjelp. Difor skreddarsyr og kvalitetssikrar vi behandlinga til alle pasientar.

Kvinne med telefon-headset foran PC. Foto

Vi innhentar informasjon om behandlinga på fleire måtar, til dømes ved å nytta intervju og spørjeskjema.

Kvalitetssikringa er til for at du som pasient skal få skreddarsydd behandlinga til dine behov, og gjev oss høve til å kunna sjå nærare på om det vi gjer virke. Dette er grunnlaget for forbetring og framgang i behandlingsmetoden.

Kvalitetssikring verkar – vi har evaluert behandlinga til alle som har vore hos oss, og resultata er eintydige: Dei fleste har god nytte av behandlinga vår.