Deltaking
Pasientane som får behandling hos OCD-teamet i Helse Bergen vil òg kunne delta i en viktig studie der vi ved hjelp av hjerneskanning (MR) ønskjer å studere kva som skjer i hjernen som følgje av behandlinga.
Dokumentert verksam behandling
Behandlinga heiter «Eksponering med responsprevensjon» (ERP) og går over fire påfølgjande dagar. Deltakarane vil bli regelmessig følgt opp i eitt år etter behandlinga. I forkant av undersøkinga vil deltakarane få vera med på ei grundig utgreiing slik at vi kan skreddarsy behandlinga for den enkelte deltakaren.
Hjerneavbildning før og etter
Før og etter behandlinga vil deltakarane ta del i ei MR-undersøking. Denne gjer at vi kan studere individuelle forskjellar i korleis hjernen arbeider når han skal løyse ulike oppgåver, noko som kan vere viktig for behandlingsresultatet. Vi vil bruke ein MR-maskin som tek bilde av hjernen ved hjelp av radiobølgjer i eit magnetfelt. Denne undersøkinga skal utførast på Radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Regional etisk komité for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (REK) har vurdert og godkjent studien.
Med oss på denne studien har vi blant anna Odile A. van den Heuvel, Vrije Universiteit Amsterdam, som forskar på hjernen.