OCD-teamet

Obsessive Compulsive Disorder (OCD), også kjend som tvangsliding, er ei liding med tilbakevendande tvangstankar og / eller tvangshandlingar. Vi behandlar pasienter frå 18 år og oppover.

Les meir om OCD-teamet

OCD-teamet

Gruppebilde OCD-behandlarar. Foto 

SISTE NYTT


Korleis få behandling i firedagarsformatet?

I løpet av dei siste vekene har firedagarsformatet for behandling av tvangsliding blitt omtalt i fleire medie, herunder Aftenposten, Dagens medisin, NRK og God Morgen Norge på TV 2. Vi har i etterkant av dette blitt kontakta av eit stort antall menneske frå heile landet som ønskar å motta slik behandling.

For tida er vi inne i ein prosess som skal gi omfattande opplæring og sertifisering i firedagarsformatet til terapeutar over heile landet. Slik planlegg vi å sørge for at denne behandlingsforma blir tilgjengeleg for akkurat deg - uansett kor du bor.

I tida framover vil vi halde dykk oppdatert på vår nettside. Her vil de finne ei oversikt over dei ulike teama som er sertifisert for å tilby firedagarsformatet for behandling av tvangsliding.

Les meir:

Hverdagen var fylt med tvangstanker. Så fikk Stine (15) tilbud om en firedagers kur - artikkel i A-magasinet Aftenposten 16.03.17 Folk med tvangslidelser kan få raskere behandling - artikkel hos NRK 07.03.17 Kutter ventelister på dugnad - artikkel i Dagens medisin 06.03.17




Stor etterspurnad etter 4-dagarsformatet

Meir enn 350 pasientar har til no fått behandling med 4-dagarsformatet, og resultata er svært lovande. OCD-teamet i Helse Bergen får dagleg førespunader frå pasientar over heile landet som ynskjer tilnærminga – ja, òg frå pasientar i Danmark og Sverige.

Informasjon om 4-dagarsformatet

Internasjonal interesse  

OCD-behandlarar i Holland, Sverige og Danmark har bede om opplæring. Det er òg konkrete førespurnader frå USA (UCLA).

Kva skal til for å bli sertifisert til å tilby 4-dagars formatet?

Som pasient skal du vere trygg!

Viktig å sikre kvalitet

Når behandlingsformatet no blir spreidd og vert gjort tilgjengeleg for fleire, er det avgjerande at kvaliteten vert sikra, og det er difor ikkje nokon team som vil kunne ta i bruk tilnærminga utan tilstrekkeleg opplæring.  Nettopp fordi 4-dagers formatet er så virksomt, risikerer vi at mange ønsker å tilby det, utan at det er forsvarleg kvalitetssikra. Dette gjeld nasjonalt så vel som internasjonalt. Selv om eit fagmiljø er dyktig på å behandle tvangsliding, betyr ikkje dette at dei kan gi 4-dagars behandling forsvarleg utan sertifiseringen.

Nasjonalt nettverk for å sikre god behandling

Vi har sikra eit fagleg nettverk som jobbar med 4-dagars formatet, der alle OCD-team i Noreg er invitert inn. Alle som blir sertifisert er del av dette nettverket og gjennom dette blir det lagt til rette for viktig kontakt mellom fagmiljø, både nasjonalt og internasjonalt. 

Undersøk om klinikken er sertifisert

Dersom du får tilbod om 4-dagars behandling for OCD eller andre lidingar, anbefaler vi deg som pasient å etterspørre om klinikken er sertifisert, og å be om dokumentasjon på resultat. På denne nettsiden vil du til ei kvar tid finne ei oppdatert liste over team som er sertifisert, og om du er usikker er det fint om du tek kontakt med OCD-teamet i Helse Bergen på tlf. 55 95 60 60. 

Kva krav vert stilt for sertifisering?

For å bli sertifisert må terapeutene først dokumentere omfattande kunnskap om og erfaring med å behandle tvangslidingar. Dernest må teamet ha fått «hands-on» opplæring av eit sertifisert fagmiljø. Kvar einskild terapeut sin kompetanse blir vurdert. For å bli gruppeleiar krevst det grunnopplæring og at ein har leia minimum to grupper, der kompetansen blir vurdert av nokon som er sertifisert til å leie gruppe. Når eit team er sertifisert, må dei ta tilnærminga i bruk, og dei må forplikte seg til å legge fram resultat som dokumenterer effekt. Dette inneber at teama som skal tilby 4-dagars formatet må forplikte seg til å undersøkje i etterkant om pasientane oppnådde endringar som er tilsvarande det ein har oppnådd ved OCD-teamet i Helse Bergen, og om desse resultata held seg. Dersom eit team ikkje har brukt tilnærminga på eit år, eller ikkje kan vise til gode nok resultat, må dei fornye sertifiseringa.

Informasjon om sertifiserte team

OCD-teamet ved Solvang DPS, Sørlandet Sjukehus ved leiar psykiater Gunvor Launes, er sertifisert til å tilby 4-dagarsbehandling. Teamet kan kontaktes på tlf.  38 17 48 00 (Solvang DPS)

Informasjon om tvangsliding og teamet

Obsessive Compulsive Disorder (OCD), òg kjend som tvangsliding, er ei liding med tilbakevendande tvangstankar og/eller tvangshandlingar. Vi behandlar pasienter ifrå 18 år og oppover.

Dersom du ønskjer å tilvisast til OCD-teamet for utgreiing av mogeleg OCD-problematikk, ta kontakt med fastlegen din. Fastlegen vil normalt gjennomføra ei kort kartlegging av problematikken og senda ei tilvising til ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), som vil vurdera rettane dine og tilvisa til lokalt OCD-team.


Checkware - pålogging og brukarrettleiing

 

Tilvising

Dersom du ønskjer å tilvisast til OCD-teamet for utgreiing av mogeleg OCD-problematikk, må du ta kontakt med fastlegen din. Fastlegen vil normalt gjennomføre ei kort kartlegging av problematikken og sende ei tilvising til ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS). Dei vil deretter sende ei sekundær tilvising til OCD-teamet ved Kronstad DPS.

Spesielle tenester

OCD-teamet i Bergen har i spesielle tilfelle tilbod om «second opinion»-utgreiing og gir konsultasjonar / behandling for pasientar som har prøvd kunnskapsbasert behandling utan å oppnå ønska effekt. Dette skjer i nært samarbeid med lokalt OCD-team og andre relevante instansar.

Møt behandlarane i OCD-teamet 

Portrett Gerd Kvale. Foto Gerd Kvale
Professor og psykologspesialist
Portrett Bjarne Hansen. Foto Bjarne Hansen
Førsteamanuensis og psykologspesialist
Portrett Tore Børtveit. Foto Tore Børtveit
Psykologspesialist
Portrett Espen Handeland Øvrehus. Foto Espen Handeland Øvrehus
Psykolog
Portrett Anneli Sund Martinsen. foto Anneli Sund Martinsen
Psykolog
Portrett Maren Aagaard Sjøøsten. Foto Maren Aagaard Sjøøsten
Psykolog
Portrett Audun Havnen. Foto Audun Havnen
Stipendiat og psykolog
Portrett Solveig Harila Skjold. Foto Solvei Harila Skjold
Psykolog
Portrett Hans Hansen. Foto Hans Hansen
Psykolog

 




Nyttige lenker

Ananke - Norsk OCD forening

Nasjonal implementering av behandling for tvangslidelse (OCD)

«Hvordan sikre angstpasienter kunnskapsbasert behandling?»

101 ting vi gjerne skulle visst da vi begynte å behandle pasienter med angstlidelser

Om og om og om igjen

Norsk forening for kognitiv terapi


Kontakt

Oppmøtestad
Kronstad DPS på Danmarksplass.
Telefon
55 95 60 60
måndag08.00-15.30
tysdag08.00-15.30
onsdag08.00-15.30
torsdag08.00-15.30
fredag08.00-15.30

Kronstad DPS

Besøksadresse
Fjøsangerveien 36(Google maps)
5054 Bergen
Besøkstider
Postadresse: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kronstad DPS, Postboks 1400, 5021 Bergen

Bybane

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Parkering

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

Apotek

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.