Dagbehandling 1

Strukturert poliklinisk dagtilbod

Dette er eit gruppebasert behandlingstilbod med åtte plassar. Vi tilbyr korte, målretta vekesprogram tre dagar i veka: Måndag, onsdag og torsdag. Vanleg behandlingstid er fire veker.

Personalet består av psykiatrisk sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, erfaringskonsulent og psykologspesialist. Psykiater og sosionom er også knytte til programmet og er tilgjengelege ved behov.
Vi forventar at du deltar aktivt i behandlingsopplegget og at du engasjerer deg og deltar. Aktiv deltaking er avgjerande for betring og vellykka behandling. Vi vil gjere det vi kan for å støtte og motivere deg til å kome i gang med aktivitetar som kan hjelpe deg til å ha det betre i kvardagen. Dine behandlingsmål blir avtalt i samtale med behandlar før du startar i programmet.

I Dag 1 legg vi vekt på at nettverket ditt blir involvert i behandlinga. Det blir lagt til rette for det gjennom organisering av nettverksmøte.

Litt om aktivitetane
Vi startar med morgonmøte kvar dag der pasientar blir ønskte velkommen og vi gir informasjon om dagtilbodet. Det blir servert kaffi og te.

Trening/fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet er ein viktig del av behandlinga. Ta derfor med treningstøy, gode ytterklede og sko til all slags ver.

  • Bevegelsesgruppe i gymsal på Kronstad DPS (måndag).
    Leia av fysioterapeut og fysioterapeut i turnus. I denne gruppa gjer ein øvelsar med fokus på bevegelse, balanse, leikprega aktivitet og avspenning.
  • Trening på Kronstad treningssenter (onsdag).
    På treningssenteret er det mogleg å bruke diverse kondisjons- og styrketreningsapparat med rettleiing/ instruksjon frå fysioterapeut.
  • Tur/aktivitet (torsdag)
    Turane blir i bydelane Årstad, Ytrebygda og Bergenhus. Aktivitetane varierer frå kafebesøk i byen og tur på museum eller bibliotek, til å spele bowling. Målet er å oppsøke område og aktivitetar ein kan nytte seg av etter endt behandling.

Lunsj
Vi et lunsj på avdelinga måndagar og onsdagar og på turen torsdagar. Lunsjen blir ordna til av deltakarar i programmet. Matpakke smører ein her før vi går tur.

Grupper og møte

  • Temagruppe (måndag)
    Faste tema er fysisk aktivitet, angst og depresjon, ernæring og søvn. Rettigheiter og moglegheiter i NAV-systemet er også eit tema.
  • Samtalegruppe (onsdag):
    Det er ope fokus der ein blir invitert til å dele noko om eigne utfordringar og erfaringar. Gruppa kan også fungere som ein sosial treningsarena.
  • Meistringsgruppe (torsdag):
    Fokuset her er meistringsstrategiar for psykiske vanskar. Hensikta er å få kunnskap om kva for reiskapar ein kan ta i bruk for å hjelpe seg sjølv når ein strevar psykisk.
  • Nettverksmøte:
    Fokuset i møta er på dine ressursar og moglegheiter. Du bestemmer kven du vil invitere frå ditt nettverk og kor møta skal vere. Varigheit er vanlegvis ein og ein halv time. Du får anledning til å invitere til to møte. Målet er å auke forståinga for kvarandre, styrke samhørigheit og bygge gode relasjonar.

Rutinar og retningslinjer for «Dag1»

Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er forbode. Brot på desse retningslinjene kan føre til avslutning av behandlinga. Permisjonar/planlagde fråvær avtaler ein med behandlar.

Mobiltelefon må kun brukast i pausene for å unngå at ein sjølv og andre blir forstyrra. Den skal vere avslått i gruppeaktivitetane.


Teieplikt
Ein skal ikkje ha sosial kontakt med dei andre gruppedeltakarane utanom programmet mens ein går i behandling. Dette gjeld også for sosiale medium.
Dei som deltar i behandlinga har gjensidig teieplikt overfor kvarandre.

Program dag 1
Oppmøte kl. 09:30 alle dagar


Måndag
09.30-09.50: Morgonmøte
10.00-11.30: Bevegelsesgruppe
11.30-12.15: Lunsj
12.15-13.30: Temagruppe
Onsdag
09.30-09.50: Morgonmøte
10.00-11.45:Trening
11.45-12.15: Lunsj
12.15-13.30: Samtalegruppe
Torsdag
09.30-09.50: Morgonmøte
10:00-11.00: Meistringsgruppe
11.15-14:30: Tur/aktivitet inkludert lunsj

Moglegheit for samtale med behandlar etter avtale.

      

Fann du det du leita etter?