Dagbehandling

Vi har to dagtilbod. Desse har vi kalla «Dag 1» (Stabilisering og struktur) og «Dag 2» (Komme i gang).

Dag 1 etterstrebar å vere eit alternativ til døgnbehandling, enten som eit alternativ til døgn eller ei forlenging av døgnopphald. Dette er eit strukturert tredagars program med stor grad av støtte og aktivitet. Varigheit er 4-6 veker.

Dag 2 fordrar at pasientane har noko meir mental energi til å ta fatt på utfordringar i dagleglivet, behandling pågår to dagar i veka, og det blir noko meir fokus på relasjonelle vanskar som ein del av psykisk liding. Varigheit er 8-16 veker.

Brosjyre: Dagbehandling 1

Brosjyre: Dagbehandling 2
Dette er begge kortsiktige gruppetilbod som har fokus på stabilisering, struktur, samtale, trening, meistring og gjenopptaking av aktivitet. Stabilisering og struktur er meir vektlagt i dagtilbod 1 enn i dagtilbod 2.

Viktige element i dagtilbodet er hurtig beslutning om inntak, gruppeterapi, fast struktur, tydelege rammer, støttande behandlingstilnærming, og noke ambulant behandling. Fokus er retta mot pasientens moglegheiter og ressursar, og ein har stor fleksibilitet i metodebruk og terapeutisk haldning. Kroppsorienterte grupper (trening / bevegelse / tur) utgjer ein sentral del av behandlinga. Ein hjelper pasientane til å utfordre seg sjølv i passande dosar, og eksponering er eit bærande element.

Gruppetilboda er fastlagt gjennom veka, og ein treff igjen dei same personane i dei ulike gruppene. Nokon har individuelle tiltak utover gruppetilbodet, mens andre kun har individuelle tiltak med fokus på fungering i heimen og nærmiljøet.