Kronstad allmenn dagbehandling og gruppepoliklinikk

Kronstad allmenn dagbehandling er ein seksjon i Kronstad DPS, under fagområdet allmennpsykiatri.
Pasientar som kjem til oss er over 18 år, har oftast hatt langvarig angst og depresjon - eller dei har store vanskar med eigne kjensler, vanskar med å fungere i jobb, på skule eller saman med andre menneske.
Les meir om Kronstad allmenn dagbehandling og gruppepoliklinikk

Kronstad allmenn dagbehandling og gruppepoliklinikk

Behandling

Seksjonen tilbyr både dagbehandlingstilbod (to til tre dagar i veka), og poliklinisk behandling (mindre hyppig, men oftast over lengre tid).
Behandlingstilboda går hovudsakleg føre seg i grupper, og har noko ulikt fokus og intensitet. 
Alle har ein individuell behandlingskontakt som tilbyr ulik grad av individuell oppfølging og samtalar. Avhengig av problemstilling kan samtalane vere støttande og sporadiske, eller meir systematiske og intensive.

Gruppetilbod

Gjennom ulike gruppetilbod kan pasienten få hjelp til å forstå seg sjølv betre, få hjelp til å finne nye måtar å meistre eigne kjensler og meistre forholdet til andre menneske.
Behandlingsprogrammet tar sikte på å auke livskvalitet, styrke og oppretthalde nettverk, redusere symptom, lære meistringsstrategiar og fremje eigne ressursar.

Gruppene tek utgangspunkt i fire ulike innfallsvinklar; samtale, kropp, kreativitet og kunnskap.

Gruppepoliklinikk

Dei som i første rekkje blir tilvist til oss, er personar med personlegdomsforstyrringar og personlegdomsrelaterte lidingar.
Hovudsakleg pasientar med ustabil, unnvikande, avhengige og blanda personlegdomsforstyrringar. Personlegdomsproblema blir ofte etterfølgt av ulike former for angst og depresjonsproblem, samt problem knytta til sjølvkjensle.

Det er viktig at aktuelle pasientar har motivasjon og overskot til å arbeide med problema sine. 

Pasientar som strever med alvorleg pågåande rusmisbruk eller rusavhengigheit blir ikkje tatt inn til denne forma for behandling. Det same gjeld for pasientar med pågåande psykoseproblematikk, alvorlege paranoide eller antisosiale trekk, og personar med potensiale for fysisk utagering. 

Sjå kva Nasjonal kompetansetjeneste for personlighetspsykiatri (NAPP) skriv om personlegdomsforstyrringar.


Tilpassa behandling 
Pasientane blir tilbydde gruppebehandling som passar kvar einskild. Nokon har gruppebehandling ein gong i veka, andre blir tilbydde kurs, medan dei fleste blir tilbydde kombinasjonsbehandling i form av ulike behandlingstilnærmingar. Gruppebehandling kan også bli gitt i kombinasjon med individualbehandling. 

Individualbehandlingen kan gå føre seg andre stadar enn i gruppepoliklinikken, dette forutset kommunikasjon mellom terapeutane. 

Langsiktige behandlingsforløp blir evaluert minst kvar 6 månad, og behandlinga kan vare frå 6 månadar til 3 år. 

Dagbehandling

Vi har to dagtilbod. Desse har vi kalla «Dag 1» (Stabilisering og struktur) og «Dag 2» (Komme i gang).

MBT Team

MBT teamet ved Kronstad DPS tilbyr kombinasjonsbehandling i form av MBT Individual og gruppeterapi. I tillegg kjem deltaking i psykopedagogisk MBT-gruppe. Det er ein føresetnad at ein tar del i alle tre MBT-terapiene. MBT-teamet består av psykiater, psykologspesialistar og psykologar frå ulike seksjonar i Kronstad DPS (poliklinikk, sengepost og dagbehandling).

Les meir om MBT team og behandling ved Kronstad DPS

Kontakt

Oppmøtestad
Kronstad DPS.

Logg inn for å endre time

Telefon
55 95 61 50
Kronstad DPS
Besøksadresse
Fjøsangerveien 36(Google maps)
5054 Bergen
Besøkstider
Postadresse: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kronstad DPS, Postboks 1400, 5021 Bergen

Bybane

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Parkering

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

Apotek

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

Familierom og samtalerom

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.