SIPEA-studien: Suicidality in Psychiatric Emergency Admissions

Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

Ein prospektiv kohortstudie av pasientar innlagt i psykiatrisk akuttmottak, med særleg vekt på problem knytta til sjølvmordsrisiko.

Studien er forankra i Psykiatrisk divisjon, Helse Bergen og føregår i samarbeid med Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging ved Universitetet i Oslo.

Prosjektleiar: Overlege dr. med. Ketil Ødegaard
Prosjektkoordinator: Sjukepleiar og stipendiat Liv Mellesdal

Rettleiarar og samarbeidspartnarar: Professor emerit. Hugo A. Jørgensen (UiB) og professor Lars Mehlum (UiO)
 

Bakgrunn

Årleg døyr ca. 500 personar av sjølvmord i Noreg. Det er vanleg å anta at det skjer ca. ti gongar så mange sjølvmordsforsøk som gjennomførte sjølvmord. Ein norsk studie (1) viste at ca. 25 % av dei som tok sitt liv hadde vore innlagt ved psykiatrisk sjukehus i løpet av dei siste tre åra før dei døydde.

Den første tida etter innlegging ved- og den første tida etter utskriving frå psykiatrisk sjukehus er funne å vere høgrisikoperiodar (2). Vår eigen undersøking ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM) (3) viser at vel halvparten av alle innleggingar er relatert til mogleg sjølvmordsrisiko.

Vi har lite kunnskap om korleis det går med det store antallet pasientar som kvart år innleggast ved akuttpsykiatriske avdelingar.

Overordna mål

Skaffe kunnskap som kan bidra til eit betre og meir differensiert tilbod til dei som i dag blir lagt inn i akuttpsykiatrien, med særleg fokus på tiltak som kan førebygge sjølvmordsåtferd.

Delmål er å undersøke -

  • faktorar som kan vere relatert til akuttpsykiatriske innleggingar på grunn av sjølvmordsrisiko
  • faktorar som kan vere relatert til akuttpsykiatriske gjeninnleggingar (både på grunn av sjølvmordsrisiko og av andre årsakar)
  • faktorar som kan vere relatert eventuell sjølvskade eller sjølvmordsforsøk som medfører innlegging i somatisk avdeling i forløpet etter akuttpsykiatrisk innlegging
  • faktorar som kan vere relatert til sjølvmord i forløpet etter akuttpsykiatrisk innlegging

Gjennomføring

Studien er todelt og tar utgangspunkt i innleggingar ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Psykiatrisk divisjon, Haukeland universitetssjukehus.

Del 1: Prospektiv kohortstudie
Dette er ein registerbasert studie som omfattar fortløpande innlagte pasientar frå 1. mai 2005 og framover. Det er planlagt å inkludere 6000 pasientar. Informasjon frå den standardiserte kliniske undersøkinga og registrering av tiltak iverksett dannar grunnlag for å undersøke kva slags faktorar som kan ha betydning for korleis det går med pasientane etter innlegginga.

Helsemyndigheitane har gitt tillatelse til denne undersøkinga og resultata vil bli presentert på ein summarisk måte som sikrar at ingen enkeltpersonar kan gjenkjennast.

Per oktober 2009 var ca. 4000 pasientar inkludert. Den første artikkelen frå denne studien er akseptert for publisering. For tida pågår innhenting av data omkring innleggingar i somatiske sjukehus på grunn av sjølvskade og sjølvmordsforsøk.

Del 2: Intervjubasert studie av 300 pasientar med sjølvmordsrelaterte innleggingar
Intervjustudien har føregått parallelt med registerstudien og er basert på informert samtykkje frå pasientane. Eit tilfeldig utvalg blant ikkje-psykotiske pasientar, der innlegginga var heilt eller delvis begrunna i mogleg sjølvmordsrisiko, blei intervjua under akuttopphaldet og ca. eit halvt år etter.

Svara deira kan gi utdypande informasjon både om risikofaktorar for sjølvmordsåtferd og om faktorar som kan førebygge slik åtferd.

Også resultata frå denne undersøkinga vil bli presentert på ein summarisk måte som sikrar at ingen enkeltpersonar kan gjenkjennast.

Status

Både intervjua under akuttopphaldet og oppfølgingsintervjua er gjennomført. Svarprosenten for sistnevnte var svært god. For tida blir dataene klargjorte for analyse.

Referanser

Walby, F.A., Odegaard, E., & Mehlum, L. (2006). Psychiatric comorbidity may not predict suicide during and after hospitalization. A nested case-control study  with blinded raters. Journal of Affective Disorders, 92, 253-260.

Qin, P., & Nordentoft, M. (2005). Suicide risk in relation to psychiatric hospitalization: Evidence based on longitudinal registers. Archives of General Psychiatry, 62(4), 427-432

Mellesdal, L., Mehlum, L., Wentzel-Larsen, T., & Jørgensen, H.A. Suicide Risk and Acute Psychiatric Readmissions: A Prospective Cohort Study. Psychiatric Services.