Stemningslidingar / MoodNet

Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

Regionalt forskingsnettverk for stemningslidingar er eitt av tre regionale forskingsnettverk for psykisk helse i Helse Vest RHF. MoodNet blei oppretta i februar 2007 og blir leia av professor dr. med. Anders Lund, Universitetet i Bergen og Helse Bergen HF, og BA i pedagogikk Kristine Fonnes Griffin, Helse Bergen HF.

Maling på palett. Foto
 

Forskingsnettverket består hovudsakeleg av behandlarar og forskarar frå helseføretaka og universiteta i regionen, alle med forskingsinteresse/-kompetanse innan stemningslidingar. Nettverket får årleg tildelt eit rammetilskot på kr 1,6 mill. frå Helse Vest RHF i prosjektperioden. 

Føremålet med forskingsnettverket er å skape gode samarbeidsrelasjonar i regionen som resulterer i klinisk, pasientnær forsking på høgt internasjonalt nivå, samt å auke den forskingsmessige kompetansen blant behandlarane innanfor psykisk helsevern i helseføretaka.

Kontaktinformasjon

Fagleg leiar
Prof. dr. med, Anders Lund

Forskingskoordinator
Kristine F. Griffin​

Besøksadresse
Sandviken sykhus
Sandviksleitet 1

Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetsjukehus
Divisjon psykisk helsevern
Forskingsavdelinga
MoodNet v/ Kristine F. Griffin
Postboks 1400
5021 Bergen ​

Tildelingar 2014

Strategiske midlar, Helse Vest RHF

  • «Ressurskrevende personer med psykiske lidelser i offentlige tjenester», Oddbjørn Hove
  • «Pharmacogenomics of Mood Stabilizer Response in Bipolar Disorder: An International multi-center study», Ketil J. Ødegaard
  • «Cognitive functioning in first episode MDD patients – a five year follow up», Åsa Hammar
  • «Virtual darkness as additive treatment in acute mania – a randomized controlled trial», Tone Elise Gjøtterud Henriksen

Stipendmidlar

  • 3-månaders frikjøpsstipend, ferdigstilling av PhD-grad, Pia Hansson

Relevant informasjon