Klinisk psykoseforsking

Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

Med utgangspunkt i «Forskningsprogram for psykiatri og psykisk helse» (15.12.04) har Det regionale samarbeidsorganet i sak 24/2006 vedtatt å løyve kr 1,5 millionar årleg av strategiske forskingsmiddel til regionale nettverk for forsking innan psykose.

Mann ser ut mot havet. Foto
 

​​​​​​​​​Dette blei forankra i Helse Stavanger HF. Det blei vidare lagt til grunn at fagmiljøet har tilgang til seniorforskarar, samt at det skulle etablerast samarbeid med dei kliniske miljø i regionane og aktuelle forskingsmiljø ved universitet og høgskular i regionen.

Nettverket har fått ei årleg rammeløyving på kr 1,5 millionar frå og med 2006.

Tilsette i nettverket  

Korttidsstipend for lege, psykolog evt. andre tilsette

Regionalt Nettverk for klinisk psykoseforsking ved Helse Vest har som målsetjing å initiere nye forskingsprosjekt innan psykoselidingar og bidra til å auke forskingskompetansen blant behandlarar i helseføretaka.

I denne samanheng lyser vi ut eit korttidsstipend for legar, psykologar og evt. andre tilsette ved klinikkane for psykisk helsevern i Helse Vest med forskingskompetanse på hovudfagsnivå til å skrive forslag til utvikling av PhD-søknad.

Funksjon og mål

Nettverket skal stimulere til kompetanseheving, kvalitetssikring og utvikling av klinisk forsking i Helse Vest RHF innan psykoselidingar.

Nettverket er ope for nye medlemmar blant behandlarar og forskarar innan psykisk helse i regionen, både frå føretaka og frå universitet og høgskular m.m.

Nettverkets mål

  1. Etablere ein utgreiingspakke for diagnostikk og behandlingsevaluering for psykoselidingar
  2. Videreutvikle og sprei tidleg intervensjon ved psykose i helseregionen
  3. Initiere studium på psykose hos unge pasientar (< 18 år)
  4. Initiere studium på rus og psykose
  5. Etablere samarbeidsprosjekter som inkluderer analysar av genetiske forhold og MRI av hjernen
  6. Utvikle regionale, nasjonale og internasjonale forskernettverk
  7. Leggje grunnlaget for rekruttering til forsking med høg internasjonal kvalitet 

Struktur og møte

Nettverksgruppa består av forskarar, klinikarar og brukarrepresentant frå dei fire helseføretaka i regionen, samt Høgskolen Stord/Haugesund, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, og brukarrepresentant frå Regionalt brukarutval, Helse Vest RHF (Mental Helse).

Medlemmar i nettverket møtast for utforming av prosjektsøknadar og deltar i drøfting av faglege spørsmål. Dei behandlingseiningar som deltar i forløpstudia inngår i ei prosjektgruppe som møtest regelmessig.

Nettverket har ei ekspertgruppe med rådgjevande funksjon. Denne består av følgjande personar: Prof. Thomas H. McGlashan, Yale, USA; Prof. Patrick D. McGorry, Univ. Melbourne, Australia; Prof. Per W. Vaglum, UiO; Prof. Bjørn Rishovd Rund, UiO; Prof. Ingrid Melle, UiO; Prof. Ole Andreassen, UiO; Dr. Jo Smith, National Early Intervention in Psychosis programme, England og Dr. Med Jan Ivar Røsberg, UiO.

​Prosjekt

Hausten 2007 blei det etablert formell samarbeidsavtale med psykosenettverket ved Helse Fonna HF og Helse Stavanger HF for deling av data, og samarbeid om delprosjekt.

Fagleg formidling

Nettverket skal produsere artiklar i fagfellevurderte, vitskapelege tidsskrift både internasjonalt og nasjonalt, samt bidra med populærvitskapelege artiklar/innlegg. Vidare skal nettverket bidra til å presentere forskingsresultat frå nettverket sine prosjekt i ulike fora i regionen.

Tilsette og medlemmer i nettverket har i 2007 vore førsteforfattarar av tre fagfellevurderte artiklar. I tillegg har ein vore medforfattarar på fire andre artiklar.

Kontaktinformasjon