Angstlidingar

Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

Regionalt forskingsnettverk for angstlidingar er eitt av tre nettverk finansiert av Helse Vest RHF. Det er eit mål for nettverket å knyte til seg fleire prosjekt innan angstlidingar.

Portrett ung mann. Foto
 

​Opphavleg starta nettverket opp som eit prosjekt «Kartlegging og behandling – angst hos barn og voksne» med professor Odd E. Havik, Det psykologiske fakultet, UiB, og professor Einar R. Heiervang, Universitetet i Oslo, som faglege ansvarlege.

Om angst

Angst er den vanlegaste psykiske lidinga hjå både born/ungdom og vaksne. Det kan arte seg på ulike måtar, som til dømes fobiar, frykt for verta åtskilt eller angst for sosiale situasjonar, tvangstankar eller -handlingar, panikkanfall eller overdriven bekymring i kvardagen.

Angst er ein normal reaksjon når ein står ovanfor fare, men hos nokon er reaksjonen overdriven og fører til tilbaketrekking/einsemd, frykt/hemma åtferd eller vanskar med konsentrasjon og søvn.

Over tid kan det medføre tap av funksjon med omsyn til sosialt liv, utdanning og yrkesaktivitet. Dersom ein ikkje får hjelp kan nokon også utvikle rusproblem eller depresjon som følgje av angstproblema.

Bakgrunn - angstnettverket

Angstnettverket har utvikla eit strategidokument, og det er etablert ei styringsgruppe som er sett saman av forskarar ved helseføretaka og forskingsinstitusjonar i regionen.

Det er også oppretta eit vitskapleg råd (Scientific Advisory Board) med nasjonale og internasjonale medlemer. Nettverket støttar prosjekt som omhandlar angstlidingar og gir også støtte i form av kortare arbeidsstipend.

Forskingsmidlar frå nettverket

Ein viktig del av nettverket sitt arbeid er å informere om moglegheiter for å søke forskingsmidlar.

I tillegg til den ordinære utlysinga til Helse Vest i september, er det mogleg å søke midlar til planlegging, igangsetting eller gjennomføring av mindre prosjekt gjennom ein eigen søknadsrunde om strategiske forskingsmidlar i november/desember kvart år.

Prosjekta må kunne knytast opp til nettverket sitt tema, og søknadar skal sendast leiinga for angstnettverket. Dei siste åra har talet på søknadar til angstnettverket vore aukande.

Nettverket tilbyr også rettleiing, både på utarbeiding av søknadar / prosjektidear, og forskingsrettleiing for pågåande prosjekt. I tillegg vert det årleg lyst ut 3-månaders arbeidsstipend som kan gå til å skrive vitskaplege artiklar eller for å utvikle PhD-søknader.

Frå 2012 vert det også mogleg å søke om såkalla stimuleringsmidlar som kan nyttast til prosjektutvikling, datainnsamling, mindre utstyr, drift og ferdigstilling av datamateriale m.m.

Prosjekt som har fått strategiske forskingsmidlar gjennom nettverket 

  • «Kartlegging og behandling – angst hos barn og voksne» leia av professor Odd E. Havik, UiB, og professor Einar Heiervang, Universitetet i Oslo.

Doktorgrader frå prosjektet

  • Psykolog Tine Nordgreen disputerte i oktober 2011:
    «Internet-based self-help for social anxiety disorder and panic disorder – factors associated with effect and use of self-help» 
  • Psykolog Krister W. Fjermestad disputerte i mars 2012:
    «The therapeutic alliance in cognitive behavioral therapy for youth with anxiety disorders»

To andre doktorgrader er under arbeid og prosjektet har hatt ei rekke presentasjonar på nasjonale og internasjonale konferansar:

  • «A transdiagnostic approach to anxiety, depression and CFS/ME: Biological markers, psychological features and treatment effects» - leia av dr. med. Bjarte Stubhaug og professor Gerd Kvale, Helse Fonna / UiB 
  • «Regulations of emotions in children with ADHD – Clinical measures of emotion regulation in children with ADHD with and without comorbidity» - leia av overlege, dr. med. Ingvar Bjelland, Helse Bergen 
  • «Associations between anxiety and the calcium regulation system in the elderly» - leia av Raman Dhawan, Helse Stavanger
  • «Gruppebehandling for OCD: Kan vi bedre effekten? En randomisert studie med systematisk undersøkelse av effekten av en individuell mestringsfokusert pre-intervensjon» - leia av professor Gerd Kvale, Helse Bergen HF

Prosjekt som har fått stipendmidlar frå nettverket


2010

Spesialpedagog og høgskulelektor Kirsten Flaten, Helse Førde HF, fekk 3-månaders arbeidsstipend for å arbeide med prosjektet «Angstbehandling i skolen»

2011
Psykologspesialistane Gry Hamre og Reidunn Huus, Helse Bergen HF, fekk 3-månaders arbeidsstipend for å skrive ein artikkel om “Foreldreinvolvering i behandling av barn og unge med angstlidelser”, med særleg fokus på fedrenes rolle. Data kjem frå barnedelen av prosjektet «Kartlegging og behandling – angst hos barn og voksne».


2012
Spesialpedagog Kirsten Flaten, Helse Førde HF, fekk 3-månaders stipend for å arbeide med PhD-søknad for prosjektet «Angstforebyggende program – Foreldretrening for å forebygge utvikling av angstplager hos 4-årige barn».

Psykolog Arne Kodal, Helse Bergen HF, fekk 3-månaders stipend for å arbeide med PhD-søknad for prosjektet «Tilbake til skolen».

2013
Psykologspesialist Solfrid Raknes ved BUP Voss, Helse Bergen, fekk 3-månaders stipend for å ferdigstille ein artikkel for prosjektet «Psykologisk Førstehjelp på Barnehuset».

Psykologspesialist og forsker II Jon Fauskanger Bjåstad ved BUP Bryne, Helse Stavanger, fekk 3-månaders stipend for å arbeide med ein artikkel til prosjektet «Etterlevelse og kompetanse i angstbehandling hos barn og unge».​​
 

Tildelingar 2014

  • 3-mnd frikjøpsstipend
    • Jon Bjåstad, Helse Stavanger
  • Strategiske midler
    • Kristen Flaten, Helse Førde, ble tildelt kroner 396 500 til prosjektet «Cool Little Kids – angstforebyggande program for foreldre til 4 årige barn med engstelse»
    • Thomas Haug, Helse Bergen, ble tildelt 6 måneders lønnsmidler til å fullføre PhD-grad
    • Gro Janne Henningsen Wergeland, Helse Bergen, ble tildelt 6 måneders lønnsmidler til å fullføre PhD-grad
    • Gerd Kvale, Helse Bergen, ble tildelt kroner 500 000 til prosjektet «A translational approach to anxiety disorders/OCD: treatment and mechanisms»
    • Tine Nordgreen, Helse Bergen, ble tildelt kroner 250 000 til prosjektet «eMeistring – Psykisk helse på nett»

Strategi og rapportar

Publikasjonar

  • Christensen, M., Skogstad, R. S., What predicts quality of the therapeutic alliance in a cognitive behavioural treatment for children with anxiety disorders? Therapeutic alliance measured from the patient, therapist and observer perspective. Hovedoppgave levert ved Psyk fak april 2009.

  • Fjermestad, K.W., Christensen, M., Skogstad, R.S., McLeod, B.D., Heiervang, E., & Havik, O.E. The Alliance in Group Treatment for Child Anxiety: Multiple Perspectives and Pre-Treatment Predictors.(submitted).

  • Fjermestad K.W, Haugland B.S.M., Heiervang E, Ost LG. (2009). Relationship factors and outcome in child anxiety treatment studies.Clinical Child Psychology and Psychiatry, 14(2):195-214.

  • Nordgreen, T., Standal. B., Mannes. H. L., Haug, T., Sivertsen. B., Carlbring, P., Andersson, G., Heiervang, E., Havik, O. E. (in press). Guided self-help via internet for panic disorder: Dissemination across countries. Computers in Human Behavior.

  • Nordgreen, T. (2009). Satsning på pasienter med lettere til moderate psykiske lidelser. Bivrost.  

  • O'Leary, E. M. M., Barrett, P., & Fjermestad, K. W. (2009). Cognitive-behavioral family treatment for childhood obsessive-compulsive disorder: A 7-year follow-up study. Journal of Anxiety Disorders, 23(7), 973-978.

  • Poulsen, P. R., Sørensen, A., Vurdering av behandlingsintegritet ved kognitiv atferdsterapeutisk behandling av barn med angstlidelser - utprøving av en skåringsmetode. Hovedoppgave levert ved Psyk fak våren 2009.

  • Standal, B. & Mannes, H. L. (2008). Guided Self-Help via Internet for Panic Disorder in Adults – a Pilot Study (høst 2008). Hovedoppgave profesjonsstudiet i psykologi, Det psykologiske fakultet, UiB. 

Presentasjoner

  • Fjermestad, K. Foredag, Verdensdagen for psykisk helse, Hotel Norge, Bergen, oktober 09. "Er det noe å være redd for da? Om angst hos førskolebarn".

  • Fjermestad, K, Wergeland, G. J., Bjaastad, J. F., Havik, O. E., & Heiervang, E. (2009, September).Therapeutic alliance and improvement in symptom levels in child anxiety treatment. Presentation presented at the European Association of Behavioural and Cognitive Therapy 39th Annual Congress, Dubrovnik, Kroatia.

  • Nordgreen, T., Standal. B., Mannes. H. L., Haug, T., Sivertsen. B., Carlbring, P., Andersson, G., Heiervang, E., Havik, O. E. (2008). Self-Help via Internet with Minimal Therapist Contact for Panic Disorder: A pilot study. Oral presentation at 38th EABCT Annual Congress, Helsinki (Finland).

  • Nordgreen, T., Standal. B., Mannes. H. L., Haug, T., Sivertsen. B., Carlbring, P., Andersson, G., Heiervang, E., Havik, O. E. (2008). Guided Self-help via Internet for Panic Disorder: Dissemination Across Countries. Oral presentation at 11th European Congress of Psychology, Oslo (Norway), 2009. 

Postere

  • Christensen, M., Skogstad, R.S., Fjermestad, K.W., McLeod, B.D. & Havik, O.E. "Predictors of therapeutic alliance in child anxiety treatment". Annual Conference for the Division of Clinical Psychology, London, desember 2009.

  • Fjermestad, K.W. & Haugland, B.S.M. The Relationship between Process Variables and Outcome in Randomized Controlled Trials of Cognitive Behavioural Therapies for Children with Anxiety Disorders. Annual Conference for the Division of Clinical Psychology, London, desember 2007. 

Medieomtale

Årsrapportar

Prosjekter 2007 

Prosjekter 2008 

Regionalt forskningsnettverk for angstlidingar 

Prosjekter 

Prosjekter 2009 

Kontaktinformasjon

Angstprosjektet
v/prosjektleiarar

Vaksen
Professor Odd E. Havik

Barn
Professor Einar R. Heiervang

Forskingskoordinator
Kristine F. Griffin​

Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Divisjon psykisk helsevern
Forskingsavdelinga v/ Kristine F. Griffin
Posboks 1400
5021 Bergen